Sidemeny+

Då isen smelta

Posted on 20. mai 2008 by in Ferdsle, veg og sti, Kulturarv

Hellerissing i Alta

Kom dei første menneska til Noreg i ein båt laga av skinn og stokkar? I fylgje historeforskinga gjorde dei nett det. I denne artikkelen kan du lesa om korleis dei første menneska tilpassa seg dei enorme klimaendringa i Skandinavia etter den siste istida. Du vil også finna lenkjer til nettstader med gode animasjonar om livet i steinalderen.

Plassering i kart

Steinalder
Omgrepet steinalder er samlande om tida der stein var den viktigaste reiskapen, saman med ressursar i naturen. Metall var ikkje oppdaga. Steinalderen i Noreg vert delt inn i to periodar. Eldre steinalder frå ca 10 000 til 4000 f.Kr., denne perioden vert også kalla jegersteinalderen. Den yngre steinalder frå 4000 til 1800 f.Kr., denne vert omtalt som bondesteinalderen.

Frå jeger til bonde
Steinaldermenneska utvikla seg frå å vera eit nomadefolk som livnærte seg på jakt, til å verta meir bufaste og dyrka jorda, samstundes som jakt og fiske framleis var svært viktig. Overgangen frå å vera eit jegerfolk til bufast var glidande. Klimaet gav grobotn for stadig rikare planteliv, noko menneska såg nytta av, samstundes kan befolkningsvekst og bufaste jegerar også ha vore ei medverkande årsak til denne overgangen (Lillehammer, 1996).

Skandinavia dekka av tjukk is
Den siste istida varte frå ca 70 000 til ca 13 000. Heile Skandinavia var dekka av tjukk is, og einskilde stader var isen 2000 til 3000 meter tjukk. På grunn av tyngda på isbreen, vart jordskorpa pressa meir enn 800 meter ned. Det var også mykje vatn butt opp i den store isbreen. Desse to faktorane medførte store endringar i landskapet, klimaet vart varmare, og isen smelta for ca 14 til 15 000 år sidan. Havet steig så kraftig at fleire stader vart oversømd. Nokre stadar var strandlinja 20 meter høgare enn i dag. Etter ca 4000 år hadde landet heva seg slik at strandlinja låg 6 meter høgre enn dagens nivå. Temperaturstigningar og issmelting førte likevel til at havet heva seg enno ein gong, ikkje før ca 2000 f.Kr. vart strandlinja tilnærma som i dag. Animasjon av dette kan du sjå på Steinalder.no

Første menneske til Noreg
I fylgje historieforskinga kom det første menneske til Noreg i ein båt laga av skinn eller stokkar. Nordsjølandet mellom Danmark og England var i den første perioden tilnærma tørt, slik at menneske kunne busetja seg der. Det er truleg dette folket som innvandra til Noreg då havet byrja å stiga. I Noregsmelta kyststripa fyrst, så det var nok her dei første menneska fant livsgrunnlag (Lillehammer,1996, Steinalderen.no). Høyr historia om den første sogning her.

Næringsgrunnlag
For at menneska skulle leva, var dei avhengig av eit rikt dyre og planteliv. Etter mange år under tjukk is var det ikkje mykje å livnæra seg på dei første åra etter at isen smelta. Men lausmassar av grus og småstein som isen hadde gnidd av fjellsidene gav grobotn for dei første plantane. Blågrønalgane kom først, deretter kom urter, mose, lav og dvergbjørk. Det første treslaget var bjørka, fordi den tålte det kalde klimaet( Steinalderen.no).

Reiskap og våpen
Reiskap og våpen vart hovudsakleg laga av stein, bein og tre. Flintsteinen var spesielt god på grunn av sine eigenskapar. Den var hard og kunne formast til svært skarpe knivar eller pil og spyd spissar. Men flint fantes ikkje i Noreg anna enn den som kom med drivisen frå Danmark. Derfor nytta ein seg også av norske steinartar. I den yngre steinalder kan det sjå ut som menneska importerte økser og anna av flintstein frå Danmark. Steinbrot frå steinalderen tyder på at menneska spesialiserte seg på å laga gode reiskapar (Lillehammer, 1996).Sjå korleis du kan laga pil og boge på Steinalder.no

Elden
Elden var livsnødvendig for steinaldermenneska. Elden gav dei varme, varm mat og den vart nytta til å skremme vekk rovdyr. For å tenne eld kunne ein bruke ulike teknikkar, med pinnar eller flintstein. Steinaldermenneska hadde eit godt hjelpemiddel, nemleg kjuka. Dette er ein sopp som veks på gamle bjørketrær. Kjuka var god til å fange opp gnist, og brann lenge. Men først måtte den lagast klar, sporane måtte skjærast av, deretter banka og tørka ein det kvite kjøtet (Steinalderen.no)

Hellerissingar
Hellerissingar frå steinalderen gjev oss innblikk i korleis tidene forandrar seg frå eldre til yngre steinalder. Bileta går frå enkle strekteikningar av mennesker og dyr i jaktsituasjonar, til meir utfyllande rissingar prega av kystkulturen. Hellerissingane kan vera symbol nytta til kommunikasjon mellom mennesker, men truleg er dei også del av religiøse ritual. Steinaldermenneska var naturfolk, og hellerissingane kan også ha vore ei symbolsk handling til naturgudar for hell i jakta (Lillehammer, 1996).

Levekår
Steinalderfolket var ikkje ulik menneska i dag, litt lågare og kraftigare bygd fortel forskinga oss. Men levealderen var mykje lågare enn i dag. Var ein heldig kunne ein verta ca 50 år, men gjennomsnittsalderen er anslått til å vera 31 til 38 år. Det var nok ulike årsaker til den låge levealderen, men skader, infeksjonar og sjukdommar er truleg hovudårsaka. Funn frå steinalderen tyder på at menneska levde i små familiar, samstundes var dei avhengig av andre både for formeiring og anna, så det kan sjå ut som dei samla seg i større grupper frå ulike stadar. På denne måten møttes ulike kulturar, og det vart utveksla kunnskap. Menneska levde som sagt av ressursane frå naturen. Dei var eit jeger- og samlarfolk fram til eit godt stykke inn i den yngre steinalderen (Steinalder.no).

Klimaendring
I perioden ca 9000 til 8000 endra klimaet seg. Det vart varmare, med ein gjennomsnittleg sommartemperatur på ca 17 til 18 °C. Dette gav grobotn for andre varmekjære treslag som ask, lind osv. Plantelivet tiltrakk seg ulike fuglar og dyreartar som mellom anna ulv, villsvin, kanskje uroksar og rein. Til saman gav dette livsgrunnlag for steinalder- menneska. No hadde dei både plantar og dyr å leva av, og langs kysten kunne ein også nyta godt av det havet hadde og by på, som fisk, sel og skjel (Steinalderen.no).

Innføringa av jordbruket (ca 3000 til 2000 f.Kr.)
Etter kvart som isen smelta og meir land vart frigjort, vart naturressursane rikare. Dette gjorde menneska mindre avhengig av fiske. Ein tenkjer seg at ein god del av menneska flytta seg innover i landet. Truleg flytta dei etter reinen. I den yngre steinalder (ca 3000 til 2000 f.Kr.) kom husdyrhald og dyrking av jord sterkare inn i livsformene. Gode naturforhold og folkeauke resulterte i at menneska laga seg store buplassar, med enkle husvære. I desse områda gravla dei også sine døde. Menneska vart meir bufaste og etterkvart innførte mange jordbruket. Dei hadde husdyr som svin, geit, sau og storfe, medan dei dyrka mellom anna bygg og kveite (Lillehammer,1996).

CC BY-NC 4.0 Då isen smelta av Veslemøy Dingen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Veslemøy Dingen, 2008
Klassetrinn: Student
Kjelder: Lillehammer Arnvidd (1996) Bind 1: Fra jeger til bonde inntil 800 e-Kr, Aschehougs Røsholdt Ole (1996) Steinalderen, Gyldendal Norsk Forlag A/S Steinalderen.no (2006)
Kommune: Eivindvik