Sidemeny+

Bygda som vart «strikka» saman….

Posted on 26. mai 2008 by in Kunst og kultur

"Graknitti"

Eidfjord kommune er ei lita fjellbygd i vakre Hardanger. Her bur det mang ei kreativ sjel. Det siste nye frå denne vesle plassen, er eit omfattande strikkeprosjekt. Det høyres i og for seg ganske keisamt ut, men den gong ei. Det skulle visa seg å engasjere liten som stor..

«Den inkluderande staden»
I samband med Fylkeskommunen arrangerte Eidfjord i april ein tettstadkonferanse ved namn «Den inkluderande staden». I den samanheng ville kommunen også setja fokus på den inkluderande kunsten. Dei tok kontakt med Inger Lena Gåsemyr som tidlegare har gjennomført prosjektet «Graknitti» i USA. Dette ville ho gjerne dele med eidfjordingane. Det handlar om å involvera innbyggarane i eit kunstprosjekt som set farge på staden. Det heile gjekk ut på å strikka «klede» til trea langs promenaden i bygda. Innbyggjarane strikka med store pinnar og så sydde kunstnaren det heile saman rundt trea. Innbyggjarane hadde såleis moglegheit til å vere ein del av kunsten og setja farge, liv og engasjement i bygda.

Oppstart
Det heile starta med eit inspirasjonsmøte i regi av kommunen. Her fekk folk sjå bilete frå korleis dette prosjektet vart gjennomført i USA. Dei fekk tips og idear til korleis dette kunne la seg gjennomføra. Her møtte dei opp, liten som stor. Det skulle visa seg at det var dei eldste og dei yngste i bygda som vart mest engasjert i dette kunstprosjektet.

Sosialt samvær
I tida fram mot den store «påkledningsdagen» vart det invitert til fleire strikkekafear og liknande. Bygdafolket samla seg for å strikka og skravla. Elevane ved Lægreid skule i Eidfjord brukte alle ledige stunder til strikking. Dei strikka og koste seg i alle friminutt. Dette prosjektet vart på denne måten «rota» til mange sosiale samvær. Lærarane meinte at det å ha eit felles mål og arbeida mot førte elevane nærare saman.

Siste hand på verket
Seinare var det tid for avlevering av strikkearbeid. Kunstnaren skulle sjølv ta ansvaret for å «kle på» trea. Det var tatt mål av alle trea på førehand slik at det skulle passe akkurat. Inger Lena Gåsemyr og dei prosjektansvarlege frå kommunen var borte ved promenaden for å fullføra kunstverket ein sundag ettermiddag i april. Bygdafolket samla seg i sentrum for å få med seg denne store hendinga.

Målet nådd?
Ein kan vel uansett seie at dette prosjektet «strikka» bygda saman. Aldri før har skuleelevar og bygdaheimbebuarar vore så mykje i lag. Aldri før har dei arbeidd saman om noko! Det var den inkluderande kunsten som var i fokus, og ein meir inkluderande form for kunst skal ein vel leite lenge etter. Her kunne alle bidra på sin måte. Folk i den vesle bygda har heller aldri vore så opptatt av kunst som dei er no.

Meir smak
Kanskje andre kommunar, både store og små, kan prøva noko liknande? Det er flott for ungdomen og dei eldre at dei kan dra nytte av kvarandre. Skulen i Eidfjord var positiv til prosjektet, og elevane fekk lov å bruka tid på skulen for å delta. No snakkar elevane om å dekorere skulen sin på same måte.

Ulike reaksjonar
Det ferdige resultatet vart svært omdiskutert i bygda. Nokon meinte det var positivt og spennande for Eidfjord, mens andre meinte at det øydela den fine naturen der. Andre tenkte lite på naturen, men tykte at det likna kondomdrakter og at det rett og slett var stygt. Nokon oppretta til og med ei gruppe på «Facebook» for folk som var for fjerning av kondomdrakter på trea i Eidfjord. Det vart ein del medlemmer der etterkvart. Men, er det ikkje dette som er meininga med kunst? Det å skapa reaksjonar på godt og vondt? Kunst skal både engasjera og provosera, og det har det til dei grader gjort her i den vesle fjellbygda i vakre Hardanger.

CC BY-NC 4.0 Bygda som vart «strikka» saman…. av Camilla Dagny Meel er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Camilla Meel, 2008
Kommune: Eidfjord