Sidemeny+

Bruk av tursti i nærområdet til skulen

Posted on 14. mai 2008 by in Landskap, Pedagogikk

Foto: Ingunn Kandalall-rights-reserved

Nokre av elevane er på full fart rundt turstien

Kyrkjebø skule har eit flott og variert uteområde. Idrettsbana ligg like ved skulen, og det er opparbeidd ein tursti rundt bana. Denne brukar elevane dagleg. 

Plassering i kart

Dagleg trimrunde
Elevane i 1. – 4. steg ved
Kyrkjebø skule har ein dagleg trimrunde på omlag 1 km. Kvar morgon er dei vel 50 elevane klare til å gå eller springe rundt turstien, uansett ver. Nokre spring fort, og andre tek det meir med ro. Etter om lag 15 minutt er alle elevane på plass og klare til å ta fatt på undervisninga.

«Din tur»
Det heile starta i fjor haust i samband med den årlege
Tryggleiksveka som Høyanger kommune arrangerer. Tema i fjor var «Din tur», der eit av siktemåla var å få elevane til å vere meir fysisk aktive. Vi starta då med ein dagleg runde på turstien. Dette ga meirsmak, og vi har halde fram med den daglege runden sidan i september.

Positive erfaringar så langt
Mange av elevane går på SFO og vert køyrd til skulen av foreldra på veg til arbeidet. Det inneber at elevane er lite fysisk aktive før sjølve skuledagen tek til. Erfaringane så langt er positive. Elevane er meir motiverte og opplagde når dei har fått røre på seg, så det kvarteret som går med i starten av skuledagen, synest å vere fornuftig bruk av tid. Trimrunden er no så innarbeidd at vi kjem til å halde fram også neste skuleår.

«På lag med naturen»
Kyrkjebø skule sitt motto er «På lag med naturen», og vi har fått mange fine naturopplevingar i løpet av året. I vinter var det mange som brukte hovudlykt, for då var det mørkt ute, og vi måtte kle oss godt. Sjå reportasje i avisa
Ytre Sogn. Veka etter vinterferien skein sola, og no i april og mai har vi opplevd korleis våren har kome meir og meir for kvar dag. Ja, på dei varmaste dagane no i mai, kunne vi springe berre med t- skjorte og joggesko.

Oppstarten
Arbeidet starta skuleåret 2002/03 som eit lokalt tiltak i samband med Agenda 21. Det vart oppretta ei arbeidsgruppe som sto for planlegging og koordinering, og Kyrkjebø Idrettslag, Kyrkjebø skule og bygdefolket gjorde mesteparten på dugnad.

Dugnad
Det vart rydda og planert, og det vart lagt fiberduk og grus rundt heile turstien. I tillegg vart det sett opp ein lavvo, med to gruer; ei inne og ei ute. Og det vart sett opp benker og bord og laga til eit område med grus rundt lavvoen. Området er ein fin samlingsplass både for elevar og folk i bygda.  

Fleire aktivitetar
Etter at turstien var ferdig, har det kome til mange ulike aktivitetar rundt stien. Primus motor for dette arbeidet har vore skogbrukssjefen i Balestrand og Høyanger, Jørgen Hundseth. Kvart år i mai vert det arrangert Miljødag, der elevar frå 7. steget og pensjonistar har dugnad. Dei har laga til info-tavlar, taubane, balansebom, hinderløype og fleire klatretau. I tillegg har dei laga bord og benker der ein kan sitje og nyte den fine utsikten over Sognefjorden. Heile området er mykje brukt av elevar i skuletida og av folk i bygda, til trim, aktivitetar og rekreasjon.

CC BY-NC 4.0 Bruk av tursti i nærområdet til skulen av Ingunn Kandal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ingunn Kandal, 20.05.2008
Kjelder: Avisa Ytre Sogn Høyanger kommune Skogbrukssjefen i Balestrand og Høyanger, Jørgen Hundseth
Kommune: Kyrkjebø