Sidemeny+

Breimsvatnet

Posted on 9. mai 2008 by in Landskap

Foto: Mari Heggheimcbn

Fjellet Skjorta i eine enden av vatnet, Kandalen

Det store vatnet ligg i fagre omgjevnadar mellom to kommunar i Sogn og Fjordane. Gloppen i Nordfjord og Jølster i Sunnfjord.

Plassering i kart

Breimsvatnet ligg 61 moh, og strekkjer seg over eit areal på 22,5 kvadratkilometer. På det djupaste er vatnet heile 278 meter djupt, og har ein omkrins på 42,97 km.

Langs vatnet finn vi småstadane Reed, Kandalen, Årdalen og Førs (Førde). Sistnemnde tilhøyrer sunnfjordkommunen Jølster.

Fiskeentusiastar

Breimsvatnet er kjendt for sitt gode fiskeliv, og mange turistar tek turen til Gloppen for å få tak i storauren som lever her. På 1990-talet gjekk ein inn for å få ut små-røya som tok mykje plass i vatnet. Ein var plaga med magemakk, og røya åt opp næringsgrunnlaget til auren. I dag vert det sagt at ein no er begynt å merke at aura er større og finare, og det er teke fleire storaure no enn før.

Langs Breimsvatnet er der fine strender der ein kan slå seg ned og raste. Ikkje alle ligg like godt til frå vegen, men veit ein kvar ein skal gå, eller kjem båtvegen, kan ein nyte sola og utsikten på flotte steinstrender. I tillegg finn ein små sandstrender langs vatnet. Her er det og gode anledningar til å kaste snøret i vatnet og prøve fiskelykka.

Båttur midtfjords

I Kandalen finn ein Midtkandal Fjordservic AS, som tilbyr båtturar på vatnet. MB Breim tek 35 passasjerar, har god plass både ute på dekk og inne, og er tilrettelagd for rullestolbrukarar. Båten vert nytta til hyggeturar på vatnet, både av bedrifter, lag og organinsasjonar og turistar. Ein kan stige om bord og gå i lande både på Reed, i Kandalen, på Vassenden og i Førs. Dei tek deg med på ein rundtur på vatnet, noko som vert ein flott tur, gjerne i kombinasjon med besøk på ulike fasilitetar langs vatnet ellers.

Postvegen

Frå 1795 gjekk Den Trondhjemske Postveien båtveien frå Førs til Reed. Ruta vart nytta som ein del av ruta for posten mellom Trondheim og Bergen. I 1889 kom det veg gjennom dalføret Våtedalen, som ligg mellom Jølster og Gloppen. Dette førte til nedlegging av postruta over Breimsvatnet.

Straum og vasskraft

Ved Vassenden går vatnet over i elveleie og vert ført ned til kraftstasjonen på Eide. Her finn vi den storslåtte Eidsfossen, som ved snøsmeltinga om våren er eit flott syn. Kraftstasjonen ved Eidsfossen vart sett opp i 1917, og er i dag eigd av Sogn og Fjordane Energi. Kraftstasjonen har omlag ein årsproduksjon på 43 GWh i året, noko som direkte omrekna gjev straum til 2100 husstandar på eit år. Ned over elva mot Gloppefjorden er der og høve for Laksefiske.

CC BY-NC 4.0 Breimsvatnet av Mari Heggheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mari Heggheim, 2008
Klassetrinn: 4Dnett, IKT
Kjelder: http://no.wikipedia.org/wiki/ http://www.gloppen.kommune.no http://www.villmarksliv.no http://www.nrk.no
Kommune: Breimsvatnet