Bolkevikja som teaterstykke
Vi var på tur til Bolkevikja. Etterpå laga vi skodespel om korleis folket i Bolkjevikja kunne ha vore, dersom dei hadde eksistert. Persongalleriet hadde vi fått av læraren, og av elevar som hadde laga skodespel om det same i 2003.
Plassering i kart
Vi hadde ein del å hjelpe oss med. Rolleheftet frå 2003 fortalde oss om personane. Modellen av Bolkevikja var kjekk å arbeide med. Den var laga ut av kartet, frå den verkelege Bolkevikja. Då vi gjorde denne ferdig, fann vi ut korleis bygda måtte vere.
Ekskursjon til Bolkevikja
Vi drog til Honningsvåg saman med dåverande sjette klasse og gjekk over fjellet til Bolkevikja. Der var det eit hus, inni var det berre geitelort. Ute i fjøra låg det ein metallsylinder. Då vi kom heim att skreiv vi denne sylinderen inn i stykket som ein torpedo. Vi fekk idear og inspirasjon til skodespelet. Læraren vår hadde skrive mykje godt som hjalp oss. Vi øvde og øvde for å få alt klart til 17 mai, då vi skulle framføre revyen. Vi framførte den med full sal i Selje samfunnshus, og drog til Gjerdsvika på turné for å framføre den der også. Mange foreldre var med for å hjelpe med det praktiske, og det var veldig kjekt å vere med på dette. Mest spennande var det kanskje for geita Pippi, som var med som skodespelar, ho også.
- Bolkevikrevyen framført 17.mai 2007 i Selje samfunnshus.
- Dei fyrste «bolkevikarane» hadde laga modell over Bolkevikja. Fyrst var han naturleg. Etterpå laga vi vår Bolkevik.
- Her er frøken Svinø som driv butikken.
- Alle elevane i 6. og 7. klasse hadde oppgåver under revyen. Det var i alt 34 skodespelarroller
- Snope-Ragnar er ikkje alt for flittig med å hjelpe til i butikken
- Politimeisteren i Sogn og Fjordane, Krutfrid og den uskikkelege Marle
- Elvis Pres(t)ley stammar frå Bolkevikja
- Ulovleg fiske med dynamitt. Krutfrid lærer gutane opp…
- Ein litt tvilsam famlie med raringar
- Presten i Bolkevikja
- Innvandrarsystrene Laden
- To bankrøvarar som har gått på ein smell.
- Marle og Conrad fiksar taket på hønsehuset. Det går ikkje bra
Bolkevikja som teaterstykke av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.