Sidemeny+

Bjørnehiet i Stryn

Posted on 20. mai 2008 by in Immateriell kulturarv

Foto: Janne Merete Indrebøall-rights-reserved

Her er bjørnehiet. Steinane som ligg att, truleg frå jordskred frå innlandsisen for omlag 10 000 år sidan, dannar godt le inni hola.

Mange kjenner til at det er eit bjørnehi i Stryn, og plassen vert vitja av både barnehagar og skular i Stryn. Plassen ligg på eit høgdedrag nordaust for Øvrebergssetra, omlag 1 km vest for Tonningssetra. Store steinar som ligg att frå issmeltinga frå tidlige isbrear, har laga ei stor hole med opning i begge kantar. Naturen og historia som høyrer til staden, gjer at Hidehogen er eit ynda turmål for barnehagar og skular i Stryn kommune.

Plassering i kart

Segna om Bjørnehiet/Hidehogen


Det var på 1800-talet, i eit bryllaup i Markane det fatale skjedde. Ein kar frå Markane og ein kar frå Svingeset rauk i hop i slagsmål og mannen frå Markane måtte bøte med livet. Elling Olson som mannen frå Svingeset heitte, fikk panikk og ville røme frå straffa. For å ikkje lage fotavtrykk etter mannen, bar kona Elling på skuldra bort til Bjørnehiet! Der skulle han gøyme seg for lensmannen.


 


Bjørnen låg og sov i hiet og mannen fikk brakt mat til seg av kona. Då dei hadde slakta dyr i bygda hadde kona med seg blodmat til mannen sin, men då rista bjørnen på seg og murra stygt. Men han vakna gudskjelov ikkje. Etter det torde ikkje kona ha med seg meir blodmat til mannen! Etter ei stund ville mannen prøve å reise heim att til bygda, og det før bjørnen vakna. Men kvar gong han prøvde å gå ut av hiet kom bjørnen etter han og mannen måtte gå tilbake til hiet. Og bjørnen la seg til å sove att. Etter å ha prøvd dette nokre gongar, utan hell, sa mannen til kona at ho måtte finne fram børsa og stå klar heime ved huset. No ville han prøve å kome seg heilt heim, om så bjørnen fylgde etter. Og det gjorde bjørnen. Men Elling greidde å kome seg heilt heim og skunda seg med å slemme igjen døra. Frå vindauget skaut dei bjørnen som nærma seg huset, men då gret mannen….

Pedagogisk opplegg


Mange skular og barnehagar brukar Bjørnehiet som eit ynda turmål. Ikkje berre er det i eit praktfullt naturområde, historia som høyrer til er kjempespanande! Turen representerar faget kroppsøving, det er ei sosial oppleving og ein kan knytte inn faget Kunst- og håndverk med bilete og teikningar. Tek ein bilete med kamera og dreg nytte av  Paint og skriveprogrammet Word kjem ein inn på faget Ikt. Med ulike kart og faktaopplysningar om bjørn kan ein dra inn geografi og naturfag. Faget norsk kan vere representert gjennom vidare diktning og om sjangerlære; eventyr i Photostory og segn.


 


Området vert og kalla «Hidehåjen», samansett frå ordet hi og «håjen» er/ var den lokale uttalen av haugen.


 


Annan versjon av segna


Ein annan versjon av segna, er fortald av Olav M. Lunde: Eit stykke nordaust for Øvrebergssetra ligg der ein stor haug som vert kalla Hidehaugen. I gamle dagar skulle det vere eit bjørnehi i haugen. Ein mann frå Svingeset hadde drepe ein mann, og etter lova skulle han sjølv misse livet. Men han kom seg bort, og gøymde seg i Hidehaugen saman med ein bjørn. Der levde han heile vinteren. Mat fikk han heimanfrå og ofte henta han den sjølv om natta. Elles levde han saman med bjørnen både natt og dag, og bjørnen tok han inn i fanget sitt så han hadde det varmt og godt.


 


 Så kom veslejulafta. Heime på Svingeset hadde dei både bryggja og slakta som skikken var. Kona til mannen kom opp til Hidehaugen med sending. Ho hadde med seg øl til mannen, og ei skål blod til bjørnen. Men då bjørnen kjende blodeimen, vart han vill og galen, og mannen trudde han kom til å drepe han. Til slutt roa bjørnen seg, og mannen vart verande der resten av vinteren. Då sommaren kom reiste bjørnen sin veg. No fekk folk greie på kvar han hadde gøymt seg om vinteren. Etter lova skulle mannen no drepast, men det var snakk om «Kongens nåde.» Den danske kongen som fekk høyre soga sa at når bjørnen hadde spart mannen heile vinteren skulle han få sin fridom.

CC BY-NC 4.0 Bjørnehiet i Stryn av Janne Merete Indrebø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Janne Merete Indrebø,2008
Klassetrinn: Ikt i skulen, HiSF
Kjelder: Hovudkjelde:Eg fikk høyre den frå ei dame, som fikk høyre den frå ei dame på 1950-talet. Andre kjelder: nrk.no/Sogn og Fjordane, historie fortald av Olav M. Lunde til lærarar ved Tonning skule i 1998; prosjekt: Lokale segner
Kommune: Stryn