Sidemeny+

Åva

Posted on 6. mai 2008 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Øvst oppe står Nilsagjerdselet. Det nye selet bakerst er Bruavoll sitt, og nærmast ser me Flæteselet.

Åva er heimestølen til Flæte og Breilid og vart brukt som vårstøl. Stølen ligg fint til i ei halvbratt li, men for å komma bort til sela må ein kryssa elva. I dag på ei solid bru, men i eldre tid måtte ein nok vassa elva.

Plassering i kart

Kva tyder namnet? Første stavinga i namnet kjem av det gammalnorske ordet à som tyder å eller elv og vart brukt særleg om mindre elvar. Den andre stavinga i namnet, va, kjem av det gammalnorske ordet vad som tyder vadestad, ein stad der dei vassa over elva. Namnet har difor frå først av vore àvad, seinare åvad eller aovad og så til slutt Aova eller Åva. Dette er altså eit elvevad, ein stad der ein vassa over elva. Stølsrett. Stølsrett på Åva hadde Flætegardane med gardsnr 142 bnr 1-5, Breilid gnr 144 bnr 1-8 og Breilid gnr 145 bnr 1-3. I stølsregistreringa av 1935 stølar alle desse på Åva. Stølsdrifta på Åva tok slutt i 1960-åra, og det var Bruavoll som var dei siste som dreiv her oppe. Mange sel Eldre tid var det fleire bygningar her, men eigarforholda har endra seg med ei utskifting på stølsområdet rundt 1980. I dag er det berre att tre sel: Øvst oppe finn me Nilsagjerdselet, så Bruavollselet (gnr 144 bnr 2), og lengst nede Flæteselet (gnr 142 bnr 1). Bruavoll hadde tidlegare sel øvst oppe på selbøen, og då dei bygde nytt blei dette sett opp på fjøstufta til bruk 144-3, Lassegarden. I eldre tid har også Flæte bruk 3, Lasse-Perane, hatt fjøs med løe på Åva. Dette låg truleg like aust for Flæteselet. Nedre Breilid 144 bruk 1 hadde også sel, men dette vart teke ned og selt til Leikanger. Bruk 144-4, Ivargarden , nytta det gamle selet frå den gong Breilid var eitt bruk. Dei overtok selet då dei kjøpte ein del av garden, og dette selet stod mellom Flæteselet og Bruavollselet, men det blei rive før 1950. Bruk 144-5, Heggehaugen, hadde sel like oppom Ivarselet, men også dette er vekke for lenge sidan. Like over Flæteselet låg Skinteigselet, bruk 142-2. Det blei nedrive før utskiftinga.

 

CC BY-NC 4.0 Åva av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2007
Kjelder: Stølsregistreringa 1935 Bygdebok for Leikanger, bind I og II Liv Rege Engan: Stølar i Vik
Kommune: Fresvik