Tjøremila på Skiveneset

Dette er framsida på tjøremila. Opninga i muren blei brukt til å ta ut tjøra.
Midt inne i ein dal på Skiveneset ligg ei attgrodd tjøremile. Den blei brukt til å brenne tre for å lage nettopp tjøre. Tjøremila er mura opp i ein skråning og har eit hol på framsida, for å få ut tjøra.
Plassering i kart
Kven var Rasmus Gunnarson ?
I Skivenesvågen budde det rundt 1860 ein mann som heitte Rasmus Gunnarson. Han var tjørebrennar på heiltid. Han budde i ei lita hytte på søraust sida av Skivenesvågen, i lag med kona og dei to borna dei hadde.
Husmannsplass
Rasmus var husmann; det vil seie at han ikkje eigde plassen han budde på, han berre budde der mot å hjelpe til på garden til eigarane, Karl Ivarson og Anna Johannesdotter. Eller kanskje han heldt dei med tjøre i staden for? På denne tida var det eigentleg ikkje lov å leige ut til husmenn, men det blei gjort likevel.
Ved tjøremila
Tjøremila på Skiveneset er mura opp i ei skråning, og er ca 5-6 meter i diameter. Holet på framsida er firkanta og ca 80-90cm stort. Mila er i dag attgrodd, og det står i tillegg eit tre oppi ho.
Langt til skogs
Tjøremila ligg langt inne i skogen, langt frå der huset til Rasmus stod, men ei forklaring på dette kan vere at før i tida var det ikkje skog ute med sjøen slik som no. Det kan jo og hende at røyken gjorde til at dei ikkje ville ha mila nær husa.
Produksjon
Tjøre blei vanlegvis laga av flis frå furustubbar og røter, som blei kalla tyri.
Tyriflisene blei stabla tett i tett i ei skålforma plattform, lagvis oppover i halvkuleform. Dette var viktig å gjere nøyaktig, elles ville det bli luft mellom veden, som igjen gav mindre kontroll og mindre tjøre.
Etter dette blei kanskje tjøremila tetta igjen med for eksempel torv, før det blei sett fyr i hol som seinare blei tetta. Det var viktig å få tetta skikkeleg igjen, for elles ville veden brunne opp, og tjøra fordampa. Det var også viktig at undersida av mila var tett. Også dette fordi det ikkje skulle komme luft inn og tjøra fordampe.
-
Dette er framsida på tjøremila. Opninga i muren blei brukt til å ta ut tjøra. Foto: Jørgen Skivenesvågcbn
-
Tjøremila. Nederst ser vi ein del av muren. Treet i biletet står i tjøremila, som er veldig attgrodd. Foto: Jørgen Skivenesvågcbn
-
Her ser vi ein del av muren, og det som ein gong i tida var «skåla» der ein la tyriveden. Foto: Jørgen Skivenesvågcbn
- Sånn blei tyriveden stabla. Dette biletet er av ei mile med stokkekonstruksjon. Biletet er henta frå Riksantikvaren og er teikna av Elin Eldnes
-
Sånn kan det ha sett ut før opptenning. Biletet er henta frå Riksantikvaren Foto: ukjentcbn
Tjøremila på Skiveneset av Jørgen Skivenesvåg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.