Sidemeny+

Skipsforlis i Ytre Gulen – Normanner

Posted on 4. apr 2008 by in Arbeidsliv

Ein mørk vinterkveld i 1965 gjekk lastebåten Normanner på land ved Fiskeholmen utanfor Byrknesøy. Det var ingen som omkom. Det var sør-aust kuling og regn, og det gjorde ikkje arbeidet med å få båten på rett kjøl lettare.

Plassering i kart

I halvsju-tida den 17.02.1965 gjekk den omlag 130 fot lange lastebåten Normanner på land. Det var mørkt, og dårleg vêr, og skipparen hadde gitt ordre til matrosen om å gå på blinken på Fiskeholmen, mens han gjekk ned i byssa og laga kvelds til mannskapet. Matrosen tok sannsynlegvis dette litt for bokstavleg, og styrte til han gjekk på ei grunne som ligg i vassoverflata. Båten var på veg nordover frå Kopervik for å hente sild. Båten var tom då han gjekk på grunn. Det kom ein annan båt, ei godsrute, som tok med seg mannskapet nordover. Olav Klungrehaug, ein mann som bur på Byrknes, såg at det var mykje lys ute med Fiskeholmen. Han skjønte at noko var gale. Han fekk med seg Birger Berge, ein annan mann som budde på Byrknes, og dei to reiste ut for å sjå kva som gjekk føre seg. Berge hadde ein stor motorbåt Dei såg dei to båtane, både Normanner og Godsruta. Godsruta hadde ankra opp mens dei prøvde å få mannskapet på Normanner ombord. Då mannskapet var trygt ombord, tok godsruta opp ankeret og sette kursen nordover. Normanner stod fast på grunna. Sjølv om båten stod på land, gjekk framleis hovudmotoren og lysmotoren, så det var fullt lys ombord. Klungrehaug og Berge skjønte at båten ikkje var skada. Det flødde, så båten retta seg meir og meir opp. Klungrehaug skulle prøve å komme seg om bord i båten for å feste eit tau. Det var så stor sjø at det var vanskeleg å komme seg om bord. Han måtte hoppe ombord i Normanner då båten til Berge var på toppen av ei bølgje. Han såg inn i byssa, og der såg han at det stod egg og bacon svartsvidd på komfyren. Han fekk sett fast tauet, og kom seg ned igjen i eigen båt. Dei vart kasta mot bakparten til Normanner, og måtte kutte taua. Dei prøvde fleire gongar å få slepar i Normanner. Mens dei arbeidde med dette, kom ein annan båt som ville hjelpe dei. Klungrehaug og Berge kjørte bort til denne båten og fekk to styrmenn frå denne båten om bord til seg. Dei skulle vere med å få båten av grunna, men den hadde allereie lagt seg langs Fiskholmen, og då var det ikkje mogleg å få krokane fast i båten. Då vart styrmennene køyrt bort att til båten sin og den gjekk vidare. Då Olav og Birger kom tilbake til båten, såg dei at Normanner hadde fått eit hol i sida, og den tok inn vatn. No var det ingenting dei kunne gjere. Dei stod og såg på at båten gjekk ned. Lysa gjekk av mens båten heldt på å gå ned, mens hovudmotoren gjekk heilt til pipa var under, og dei såg det bobla. Dagane etter var det folk ute og rydda opp restar etter skroget. Då Klungrehaug såg ned på vraket med sjøkikkert utover våren, såg han at motoren framleis låg der.

CC BY-NC 4.0 Skipsforlis i Ytre Gulen – Normanner av Bjørn Misje er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Brage Fagerbakke, Trond Erik Vågheim og Maria Vatnøy 2008
Klassetrinn: 8.-9. klasse
Kjelder: Munnleg kjelde: Olav Klungrehaug
Kommune: Fiskholmen vest for Byrknesøy