Sidemeny+

Skipsforlis i Ytre Gulen- «Sea Cat»

Posted on 3. apr 2008 by in Arbeidsliv

Måndag den 4. November 1991 gjekk katamaranen «Sea Cat» rett i fjellveggen på Risøy utanfor Mjømna. 104 mennesker vart skadde og to døydde. Ei dame vart kasta 7 seter fram då båten støta på land.

Plassering i kart

Passasjerbåten «Sea Cat» kom ut av kurs i det den skulle svinge inn mot Mjømna ein kveld i november. Det er uklart kva som skjedde, men kapteinen rakk ikkje å svinge raskt nok, og køyrde rett inn i fjellveggen på Risøy. Båten grunnstøytte ca kl 19.15. Svak lykt kunne vere årsaka til at båten gjekk på land. Skyssbåten «Tornerose» kom seinare og slepte «Sea Cat» til Mjømna kai. Skadde: To personar omkom i ulykka. 104 passasjerar vart skadde. Dei fleste skadane var hovud, nakke og ryggskadar. Dei mest alvorleg skadde blei sendt til Haukeland sjukehus med helikopter. Dei andre som vart svakare ramma var køyrd med lokalbåt til Bergen. Uskadde passasjerar vart innkvartert på Neptun hotell. Redningsaksjon: Mykje av befolkninga på Mjømna og Byrknes hjalp til med å lage mat og drikke til dei som var ramma av ulykka. Dei var også med å frakta skadde til helekopteret.Helsepersonell frå øyane rundt, kom for å hjelpe til med å pleie dei skadde. Dei som var alvorlig skadde blei kjørt til Bergen med helikopter. Opplevinga til Berit Einebærholm! Berit jobba i barnehagen og på Alderstunet. Ho fekk telefon og vart kalla inn til ulykka. Ho fekk oppgåva i å pleie folk som trengde det. Då Berit kom på båten, såg ho at alle stolane var revne av festet. Stolane låg overalt i båten og under så var det levande mennesker. Mange var alvorlig skada, andre var i sjokk. Det stod no folk overalt. Mange stod og venta på kaia, andre på toaletta. Berit syntest at denne opplevinga var veldig ekkel, men på samme tida så var det spennande. Opplevelsen til Ola Byrknes! Han synest redningsaksjonen var nokså dramatisk. Båten blei taua inn til kaien på Mjømna, legar, lensmann og bygdefolk var på plass. Han syntest det var ganske så trist å sjå vraket. Ola fulgte saka og såg på kva som skjedde vidare utover kvelden.

Til saman 30 sjukepleiarar, psykiatarar, psykologar og prestar jobba fram til tysdag morgon, for å hjelpe pårørande. Alle som kjører med Fylkesbaatane er forsikra, så alle som var på båten da ulykka inntraff, var forsikra i eit forsikringsselskap som heiter Skuld.

CC BY-NC 4.0 Skipsforlis i Ytre Gulen- «Sea Cat» av Bjørn Misje er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kornelius Teigen Moan, Joakim Byrknes Nymark, Sunniva Unneland,2008
Klassetrinn: 8.klasse
Kjelder: Skriftlege kjelder: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/ fylkesleksikon/2224283.html Dagbladet, BA, BT, November 1991 Munnlege kjelder: Berit Einebærholm, Ola Byrknes.
Kommune: Mjømna