Sidemeny+

Segnet om Dordi i hola

Posted on 9. apr 2008 by in Immateriell kulturarv

Foto: Karoline Kjelby Johansencbn

I følgje segnet om Dordi i Hola søkte ho dekning her.

Oppi fjellsida Krena på Kjelby er det ei hole. Her er det eit segn om ei ung kvinne som heitte Dordi som gøymde seg der. Ho fekk ein unge utanom ekteskap, men ungen vart teken i frå henne.

Plassering i kart

Dordi var ei ung kvinne som vart gravid, og ho var ikkje gift. På den tida vart det sett på som ei stor synd å få barn utanfor ekteskap. Derfor tok dei barnet frå Dordi då det vart fødd. Ho vart fortvila og lei seg og så rømde ho opp i fjellsida Krena på Kjelby. Der var det ei hole som gjekk gjennom fjellet til Alvedalen. Det blei vidare sagt at inni den hola var det ei djup hole som gjekk ned i fjellet. Så dei som prøvde å kome seg inn og hente ho fann ikkje henne, eller så ramla dei ned i hola og døydde. Dordi ropte:« Kvifor tok de barnet mitt frå meg?» Det jomte i fjellet sånn at dei høyrde det i bygda. Bygdefolket følte at det var skummelt å ha ho i nærleiken for dei visste ikkje kva ho kunne finne på. Dordi levde på det ho fann i naturen.

CC BY-NC 4.0 Segnet om Dordi i hola av Kurt Helge Pedersen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Karoline Kjelby Johansen,2008
Klassetrinn: 8.klasse
Kjelder: Irene Kjelby og Therese Kjelby Asheim
Kommune: Kjelby