Postkarane som omkom i Steinsvatnet
To postmenn omkom i Steinsvatnet i Gulen den 11.04.1799.
Plassering i kart
Dei to postkarane frå Lindås reiste fra Bergen til Fanebust og vart rodd over Fensfjorden til Naustvågen (Postvågen) Der vart dei henta av postbønder med hest og slede.
I staden for å køyre rundt Steinsvatnet, tok dei snarvegen over isen. Det var svært verdifull last med posten, fleire tusen riksdalar (1 riksdal = 4 kr).
Dei var ikkje langt frå land ved Kalvedalen, då dei gjekk gjennom isen med hest og slede. Det var på 14 favners djup (25m). Postkarane og hesten omkom.
Seinare vart begge postkarane og den verdifulle lasta henta opp att frå botnen.
Litt fakta om posten og postruta i Gulen:
Den Trondheimske postvegen gjekk frå Bergen til Trondheim. På veg nordover inn i Sogn og Fjordane starta postvegen i Naustvågen i Gulen. Denne vegen er no eit freda kulturminne.
Postruta gjennom Gulen vart skipa i 1787.
Steine og Eide var poststasjonar. Hans Jørgenson Steine fra garden Steine var ein postkar og bygdevektar frå 1852. I frå 1837 vart postkarane væpna.
Postkarane som omkom i Steinsvatnet av Kurt Helge Pedersen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.