Sidemeny+

Norges jeger og fiskeforbunds (NJFF) sjøaurekonkurranse 2008.

Posted on 30. apr 2008 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Norgesmeister i sjøaurefiske 2008

Dei tre siste åra har lokallaga i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) og Elbe Normark arrangert ein landsomfattande sjøaurekonkurranse. Etter omlag eit døgn med fisking langs heile kysten, skal ein kåre den beste sjøaurefiskaren i landet.

Stor interesse
I 2008 deltok det 1400 ivrige fiskarar i to klasser, senior og junior. Det vart landa 234 fiskar over minstemålet på 35 cm (30). Det store spørsmålet var: Kven stikk av med fyrste- premien på fritt valt fiskutstyr til ein verdi på 20000 kr?
Gloppen Jeger- og Fiskarlag var ein av fleire lokale arrangørar av den nasjonale sjøaurekonkurransen i april. Konkurransereglane finn du her. Sandneset på Sørstranda var base for tevlinga i år som dei tidlegare åra. I 2008 var 60 lokallag langs kysten i heile landet med på arrangementet.

Lengste fisk
Konkurransen starta klokka 12.00 laurdag 26. april, og deltakarane fiska heilt fram til klokka 10.00 søndag 27. april. Den som fekk lengst fisken stakk av med sigaren i konkurransen. Det er ikkje lov å nytte båt i fiskekonkurransen.
Fyrste innveginga var laurdag kl 16.00. Sigbjørn Heggdal som bur på Vereide kom med ein 4,5 kg og 63 cm lang sjøaure. Denne fisken låg i tet til litt utpå søndag.
Etter kvart viste det seg at det vart dødt løp mellom to fiskarar. Både Sigbjørn frå Gloppen og Erik Olav frå Vest-Agder delte fyrsteplassen med kvar sin fisk på 83 cm. NJFF måtte såleis ut med to fyrstepremiar på 20000 kr kvar. Sjå kva Bergenstidende seier her.

CC BY-NC 4.0 Norges jeger og fiskeforbunds (NJFF) sjøaurekonkurranse 2008. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: NJFF (Norges Jeger og Fiskeforbund), Intervju med nokre av fiskarane
Kommune: Sandsneset