Med saltvatn i årene

Johsen om bord i Viksunden sin klar til å setje garn.
Artikkelen som her følgjer,, fann vi i skuleavisa Gygrekjeften nr. 4 frå juni 1994.Her intervjuar Åge Avedal bestear sin, Johannes Bråstad.
Når ein sluttar i jobb, og vert pensjonist, er det ikkje alltid så mykje å finne på.
Om ein ikkje finn seg ein hobby då, slik som Johannes Bråstad har, han er ein av dei få garnfiskarane som er att av i kommunen. Kvar kveld og morgon reiser han ut med Etna, ein Viksund 770 båt. Sjølv om ikkje fiskelykka alltid er stor vil Johannes ikkje slutte med dette.
-Så lenge eg er frisk, har helse til det, og om ikkje været er alt for gale, er glad om eg får meg ein tur på sjøen, seier den 74 år gamle sjømannen.
Plassering i kart
SJØARBEIDE HEILE LIVET
-Dei første turane eg var på sjøen var eg med bestefar min, Johan Bråstad. Då dreiv vi med trollgarn og hummarteiner.
Eg hugsar enno at vi tok 80 øre for hummaren, då vi selde den. Dette er 65 år sidan no, kan Bråstad konstantere.
Johannes har alltid jobba med båtar og båtliv på ein eller annan måte. Han jobba fyrst som platearbeidar i 16 år på Løland motorverkstad. Seinare reiste han med båtfrakt med båten Vyndy som han mellom anna frakta ved , og hermetikkråvarer med.
Johannes har også vore på Islandskfiske, og på fiske på Færøyane. Då var han maskinassistent på båten Slåttring, den største båten på fiskefeltet på Island.
-Vi fiska på Islandssild, men såg og andre sjødyr. Ein gong såg ein spekkhoggar som var lenger enn båten, det vol seie 90 fot, seier Johannes.
Då han og kona, Aslaug budde i Florø var han kystskipper på Vestbjerg, ein båt som frakta sild og brisling. Bråstad jobba i omtrent 12 år på fylkesbåtane, på forskjellige ferjer i fylket.
LINEFISKE OM SOMMAREN
Om sommaren driv Johannes ein god del med fisking med liner. Elles er det garnfiske, mest på seinvinteren og om våren han driv med.
Den fisken han får sel han del av, og brukar å gje vekk ein del av, i tilleg til eige bruk.
Johannes fiskar både åleine og saman med slektningar og vener. Han set garna på forskjellige stadar, alt etter årstider og kva fisk han fiskar på.
STØRSTE FISKEN: 45 KILO
-I april for omtrent 6 år sidan fekk eg ei kjempekveite som vog 45 kilo. Eg sleit ein del før eg fekk opp den svære fisken, seier Johannes med eit smil på lur.
Han brukar å få mest fisk i byrjinga av våren. Men i år har det sett svart ut så langt, som Johannes sjølv seier.
-Mars er den beste tida men i år har det vore fisk spesielt torsk, seier Bråstad.
(Då eg var med fekk vi berre 3 lyrar, 3 hysar, og 1 torsk på åtte garn.)
Elles for Johannes, går dagane med til å bøte garn, høggje ved, og passe etter to sauer som er i fjøset attmed huset hans.
Med saltvatn i årene av Kent Rune Hatlem er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.