Mannjen
Ein dryg times gange utanfor ytste garden i Seljebygda, Skårbø, finn vi ein imponerande steinformasjon. Ikkje så lett tilgjengeleg, men absolutt verd turen…
Plassering i kart
Korleis komme dit
Turløypa til Selje idrettslag går lett sti forbi den fråflytta Aardalen ut til ein turpost på Rydjajorda. Dei fleste sluttar turen her, eller tek storturen opp bakkane til fjellet Libbera. Men du kan også gå fjøra vidare, forbi Libberholmane, gjennom eit skar. På slutten må du klatre litt. Eit solidt festa tau hjelper deg til å klatre ned eit bratt skar, til ein svært særeigna steinformasjon.
Kjært barn
Somme kallar denne steinformasjonen for «Tårnet». Andre namn som er i bruk er «Munken», men det mest utbreidde er «Mannjen» eller «Libbermannjen».
-
Her ser vi den karakteristiske profilen som har gjeve namn til formasjonen Foto: Arve Åheimall-rights-reserved
-
Frå oppsida ser formasjonen kanskje ikkje så imponerane ut, bortsett frå den rette kløyvinga Foto: Arve Åheimall-rights-reserved
-
Det er ganske utruleg at steinformasjonen kan stå og halde balansen ute på kanten. Foto: Arve Åheimall-rights-reserved
Mannjen av Arve Åheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.