Sidemeny+

Lag digital forteljing om arbeidsliv i endring

Posted on 15. apr 2008 by in Arbeidsliv, Pedagogikk

Foto: Nordahl-Olsen, Eugenecbn

Bilete frå kraftstasjon 1 i Høyanger. Her i frå kom all elektrisk kraft til industrien fram til 1938

Det er over 200 år sidan den industrielle revolusjonen tok til i England. Den førte til omfattande endringar i jordbruk, samferdsle og industri. Det medførte eit arbeidsliv og samfunn i sterk endring. I Noreg har me særleg vore vitne til det dei siste hundre åra. Bli med og fortel om endringar i arbeidslivet i ditt nærmiljø.

Plassering i kart

Nærmiljøet ditt som utgangspunkt

Du skal ved hjelp av bilete, tekst og andre kjelder lage ei digital forteljing i Geoatlas. Temaet er korleis arbeidslivet i på ein gitt stad, gjerne heimstaden din, har endra seg sidan tidleg på 1900-talet og fram til i dag.

Ta med

-Ei problemstilling eller ei avgrensing i høve til temaet de har valt.
-Nokre generelle teoriar om arbeidslivet. (Eksempel: Ulike modellar for organisering av arbeidet, arbeidarrettar, overgangen frå jordbrukssamfunn til industrisamfunn eller frå industrisamfunn til kunnskaps- og informasjonssamfunn.)
-Skildring av korleis arbeidslivet har endra seg ved hjelp av bilete og tekst.
 –Knyte denne skildringa opp mot generelle teoriar om arbeidslivet.
-Kjeldereferansar og kjeldeliste.

Ressursar

Gjennom ABM sitt Kultursøk kan du finna nyttige kjelder og litteratur. På skulestova.no er det ressursar til bruk om ein ønskjer å søka etter foto. 

Oppnå desse læreplanmåla 

      I arbeidet med å lage digital forteljing om arbeidsliv i endring kan du oppnå desse læringsmåla i "Sosiologi og sosialantropologi" i vidaregåande opplæring.

  • sammenlikne produksjon i ulike kulturer og tidsepoker
  • diskutere arbeidets funksjoner i samfunnet og forklare hvordan arbeid kan tilfredsstille sentrale menneskelige behov
  • gjøre rede for organisasjonsteorier og bruke teoriene til å vurdere kjennetegn ved et godt arbeidsmiljø
  • gjøre rede for årsaker til utviklingen av kunnskaps- og informasjonssamfunnet og diskutere virkninger av denne utviklingen for individ og samfunn

CC BY-NC 4.0 Lag digital forteljing om arbeidsliv i endring av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Åge Avedal 2008
Kjelder: Kunnskapsløftet, Utdanningsdirektoratet 2006 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fotosamlinga, SFFf-1993360.129414