Kvernhusa på Grinde
Fram til 1940 talet var det mange kvernhus i Gulen. På Grinde var det to kvernhus. No er det berre restar igjen.
Plassering i kart
Den eine kvernhuset på Grinde låg eit lite stykke frå vegen. Det andre var lengre nede, nesten nede ved Eidsfjorden.
Før rodde dei inn til ei enkel oppmurt kai og bar kornet opp til kverna.
Ei stund før dei skulle male kornet, kunne dei demme opp Grindevatnet om lag ein meter høgare enn vanleg vannstand. Når dei opna demninga, kom det meir vatn, og dette sette fart i kvernene, og dei fekk malt kornet sitt.
Dei førte vatnet inn på eigne renner (slåk) som leidde vatnet frå elva og ned på eit vasshjul/(kvernkall) som fekk kvernsteinen til å gå rundt.
Det var fleire gardar som eigde kvernhusa i lag. Øvre Grinde eigde ein , og Nedre Grinde den andre. Kvernhusa vart sist brukt under 2. verdskrig.
Bilde 1: Fotograf: Jørgen Grinde. Her er det kvernhuset som står lengst nede mot fjorden.
Bilde 2: Fotograf: Erlend Haveland. Her er restane etter eit av dei.
Bilde 3: Fotograf: Erlend Haveland. Her er to kvernsteinar som ligg igjen etter dei gamle kvernhusa.
Kvernhusa på Grinde av Kurt Helge Pedersen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.