Hydro Høyanger: Arbeidsmiljøet i endring
Arbeidsmiljøet har endra seg i løpet av dei siste tiåra. Vi har teke for oss å sjå på kva endringar som har skjedd i Hydro Høyanger frå ca. 1980 og fram til idag. Elles har vi teke med nokre teoriar og kva arbeidsmiljølova går ut på. For å vite meir om dette, må du lese artikkelen.
Plassering i kart
Fakta om Hydro:
Aluminiumsverket i Høyanger er Noregs eldste og kom i drift i 1918. Ved samanslutninga med ÅSV i 1986, vart Høyanger ein del av Hydro. Metallverket produserer primæraluminium som leverast som valseblokker gjennom Hydros internasjonale marknadssystem. Hydro leverer også flytande metall til felgfabrikken Fundo Wheels.
Intervju med to med erfaring frå Hydro Høyanger:
Vi tok turen heim til Olav Solvorn for å intervjue han. Han begynte å arbeide på Hydro i 1980, og var ansett der i 15 år. I den tida han arbeidde der hadde ikkje han noko form for kontrakt eller arbeidsavtale. Dei gjorde det dei vert sett til å gjere, og hjalp til der som det trengtes, dei hadde ikkje begynt med noko kontraktar på den tida. Formannen plukka ut dei folka han ville ha med på lossejobbar.Det kom båtar med last som dei skulle losse av på kaia. Han fortalde oss også at viss båtane måtte liggje lenger enn planlagt, måtte Hydro betale ekstra døgnpengar.
Vi spurte om det var noko endringar på Hydro i den tida han arbeid der. Han sa at det var ikkje noko særleg med endringar, men at når Hydro tok over for ÅSV (Årdal og Sunndal Verk), så vart det meir slik at dei måtte rydde og halde meir orden. Sjølv om det var ein trygg arbeidsplass, måtte alle ikle seg hjelm, brannsikre klede og vernesko, sjølv om dei ikkje arbeida inne i sjølve verket.Miljøet var bra, han arbeida nede på kaia. Det var heller ikkje noko tungt arbeid, det tyngste vart utført med gaffeltruck. Det kunne også bli sett til å arbeide inne i verket med omnane, men det var ikkje så ofte. Arbeidsdagane var på ca. 8 timar, og når det gjaldt pause, så tok dei seg 5 minutt nå og da. I byrjinga arbeida dei i helgene, men etter kvart fekk dei fri.Lønna var bra nok til å kunne ha eit bra liv, han tente meir enn på tidlegare jobbar til dømes på Øren. Dei hadde også sommarferie i 3 veker.
I det andre intervjuet snakka vi med Dag Fjeldsbø, som har vore tilsett på Hydro i 27 år. Han byrja å arbeide der i 1981, og er der fortsatt. Han arbeider med HMS-opplæring. For tida arbeider han i Qatalum, som er eit selskap som held til i Qatar. Stillinga hans er Opplæringskonsulent. Dag seier at han er godt fornøgd med arbeidsavtalane, og han tykkjer også at arbeidsmiljøet i avdelinga hans i Qatalum og Hydro er veldig bra. Han har 5 veker ferie i året, og meget god lønn seier han. Han seier også, som Solvorn, at det var endringar den tida han har arbeida i Hydro. Dei tilhøyrde tidlegare ÅSV, men vart oppkjøpte av Hydro i 1986. Han legg også til at etter overgangen frå ÅSV, har det også vore mange omorganiseringar.
Kjønnsdelt arbeidsmarknad:
Rundt om i samfunnet kan ein fortsatt sjå klare skilnadar med omsyn til kjønn og arbeid. I boka Individ og fellesskap (side 207), brukar dei dømet: Tenk deg at du arbeidar i ei databedrift og at du om ettermiddagane dreg for å hente borna i barnehagane. Då vil du sikkert gå frå ein arbeidsplass som er dominert av menn til ein der kvinnene er i fleirtal – i tillegg er det ikkje usannsynleg at det er skilnader mellom høg og låg løn.
For å forklare kjønnsskilnadar, har det tradisjonelt vore to teoriar:
- Teorien om den todelte arbeidsmarknaden
- Teorien om at kvinner fungerar som ein arbeidskraftreserve
Den første teorien har framleis viktige trekk, men det har skjedd radikale endringarpå arbeidsmarknaden i løpet av dei siste tiåra. Blant anna har kvinnene byrja å ta høgare utdanning, samstundes som at taletpå kvinner i arbeidslivet har auka. Sjølv om mange bedrifter har «lagt ned» lover/retningslinjer som seier at d et skal vere eit visst antal kvinner, i tillegg til at likestillingslova kom på 1970-talet, er det fortsatt eit fleirtal av menn på leiingsnivå.
Den andre teorien er rett når ein ser på dei kvinnene som gjekk ut i arbeidslivet i 1970-åra. Det var stort behov for arbeidskraft, der kvinnene dekte det ufaglærte området. Kvinnene arbeida i låglønte yrke, samstundes som at dei tok ansvar for husarbeid, barnestell og anna familieomsorg. Framleis tek kvinner det meste av heimearbeidet.
Undersøkingar om kjønn og yrkesliv, viser at yrker framleis kjem til å vere manns- og kvinnedominerande, men utdanning er i desse dagar så sjølvsagt at dette kjem til å verte tydlegast i yrker der krava til utdanning er små.
Arbeidsmiljølova:
Lova for arbeidsmiljøet blei utforma fordi ein i fleire og fleire yrker oppdaga at produksjonen førte til stor risiko og fleire ulike helseproblem for arbeidarane. Tidlegare var dette akseptert som ein del av yrket – var ein til dømes ein skogsarbeidar, ville det skje skadar før eller seinare. Men så byrja ein å sjå ein samanheng mellom arbeid og helse, og ein blei meir oppteken av arbeidstakaranes ve og vel fordi på ein moderne arbeidsplass har ein lengre arbeidsdagar.
Eit godt arbeidsmiljø kan vere så mangt. Alt ifrå viktigheita med trivsel, at der er ein trygg arbeidsplass, du får god løn for det arbeidet du gjer og at arbeidet har ei meining.
Den aller fyste arbeidsmiljølova kom i 1977 og hadde namnet Lov om arbeidarvern. Den skulle særleg sikre fysisk og psykisk helse for arbeidstakarar. I 2006 kom den nyaste lova som heiter Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern. Her blir det særleg lagt vekt på HMS-arbeid (forkorting for helse, miljø og tryggleik).
Å ha eit trygt arbeidsmiljø, vil seie noko om i kva grad arbeidstakarane blir utsette for fysiske miljøbelastingar. Ureining, støy, dårleg klima og/eller belastande arbeidsstillingar går inn under det fysiske arbeidsmiljøet. Fokuset i den siste tida har i mellomtida vore på inneklima, datamaskinstråling og ergonomiske forhold – og at det ikkje berre skjer belastingsskadar i industriarbeid.
Reint fysisk, bør ein arbeidsplass vere utstyrt med naudsynt sikrings- og verneutstyr, ha eit godt inneklima, vern mot støy og farlege stoff og at arbeidet er tilrettelagt slik at arbeidarane ikkje blir utsette for uheldige belastingsskadar.
Arbeidarane sjølve skal kunne vere med på forminga av arbeidsmiljøet og innhaldet i eigen jobb. Forholda skal leggjast til rette for at arbeidarane skal ha moglegheita til å utvikle seg båe fagleg og personleg – til dømes ved at arbeidet ikkje er einsidig gjentaking. Elles bør arbeidet gje rom for variasjon og ein sjanse for arbeidarane til å kome i kontakt med andre kollegaer.
Arbeidsmiljølova har fleire ulike krav for å sikre at tilsetjingsforholda er trygge. Til dømes; det skal alltid vere ein skriftleg avtale, viss det er prøvetid skal den ikkje overstige 6 mnd., det er forbode å behandle arbeidstakarar ulikt grunna kjønn, religion, livssyn, hudfarge, nasjonal eller etnisk opphav, politisk syn, medlemsskap i arbeidstakarorganisasjonar, seksuell orientering, funksjonshemming eller alder.
- Høyanger
Hydro Høyanger: Arbeidsmiljøet i endring av Jeanette Astor Nesse er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.