Sidemeny+

Høyanger; eit samfunn under utvikling

Posted on 30. apr 2008 by in Arbeidsliv

Høyanger har gjennom mange år vore ei solid industribygd. Bedriftene Hydro, Statkraft og Fundo godt etablerte og har hatt store påverknadar på bygda både økonomisk og sosialt. Høyanger er med åra blitt ein veletablert industribygd, som har med tida utvikla seg til å bli meir enn bare ei industribygd. Etableringane av dei større industribedriftene har vert til god hjelp for andre mindre bedrifter som for eksempel Per A. Øren, YIT, VIBE og liknande til å etablere sine bedrifter. Statkraft, som er ein av dei større bedriftene, har fått ei svært sentral rolle i denne bygda og forsyner dei store bedriftene som for eksempel Hydro med energi. Dette er ein svært viktig jobb, som sørgjer for at Hydro er oppe og går til ei kvar tid.

Plassering i kart

Teoriar

 

Definisjonen som læreboka »Individ og fellesskap» av Egil Andresen, Rune Henningsen og Karl-Eirik Kval gir svar på kva definisjonen på eit industrisamfunn er »Samfunn med eit produksjonssystem som er organisert rundt store industrielle einingar som masseproduserer varer. Økonomisk vekst er viktig, og mykje av produksjonsoverskotet går til nye investeringar».  Statkraft er ei slik bedrift, men fyller den alle krava? I tillegg til denne definisjonen er det utallige teoriar om korleis ei slik bedrift opererar når det kjem til spesialisering innan for ulike felt i industriar. Teorien som blir aktuell i denne samanhenger, er teken frå læreboka »Individ og fellesskap», og heiter »spesialiserings teorien» den lyder som følger: »Samfunna har vorte stadig meir spesialiserte. Både organiseringa av samfunnet og produksjonen er prega av  dette, og meir spesialisering stiller også krav til at samfunnet må organiserast». Om Statkraft i Høyanger held seg innanfor rammene skal bli meir oppklart. Statkraft er ei bedrift som har fått fleire nye teknologiske hjelpemiddel med tida, før opererte dei på andre måtar. Overalt ser vi at bedrifter blir meir modernisert, og Statkraft er ikkje sein med å henge seg på moten.

Er Høyanger verkeleg ei Industribygd?

I følgje definisjonen skal eit industrisamfunn vere eit samfunn med eit produksjonssystem som er organisert rundt store industrielle einingar som masseproduserer varer, slik som for eksempel Fundo i Høyanger gjer. Høyanger blir på mange måte drevet av dei store bedriftene som sørgjar for økonomi og arbeidsplassar til bygda. Dette vil sei at den økonomiske veksten er viktig, slik som definisjonen tilseier.  Høyanger er i høgaste grad ei industribygd, for den fyller alle desse »krava» for å bli sett på som ei industribygd.

Den første Kraftstasjonen

Statkraft starta opp den første kraftstasjonen i 1918 under namnet NACO som har utvikla seg til å bli ein godt etablert industri i Høyanger. Den har gått igjennom mange prosessar og fått mykje ny teknologi gjennom åra bedrifta har vore oppe og gått. Statkraft i Høyanger produserer energien sin ved hjelp av vasskraftverka i fjella. K1 som var den første kraftstasjonen som vart oppretta i Høyanger er dessverre i dag lagt ned, men den stolte bygningen står der den dag i dag.

Samsvarar Statkraft i Høyanger med dei faglege teoriane?

I dag er dei som arbeidar i Statkraft i Høyanger utdanna fagfolk anten som ingeniørar eller elektrikarar/teknikarar. Det er også andre som er spesialisert innanfor felt som trengs i denne form for bedrift, for eksempel er det behov for mekanikarar.  Teorien seier at det er meir spesialisering no enn før, og dette stemmer for så vidt med Statkraft i Høyanger. Sjølv om det var ingeniørar før også, så er det meir spesialisert på »lågare plan» no til dags. I dag er det fleire sikkerheitskurs, førehandsreglar og fagbrev for dei behova, og det er mykje meir fokus på avtales om HMS avtalen (Helse, Miljø og Sikkerheit) for eksempel. Dei faglege teoriane som nymoderne bedrifter er altså ikkje så uvesentlege her i Statkraft i Høyanger.

Konklusjon

Statkraft er ei stadig voksande bedrift som henger med på »moten» om eg kan bruke det ordet. Ein ser at faglege teoriar stemmer overens med Statkraft i Høyanger. Høyanger er også i høgaste grad eit industrisamfunn med sine masseproduserande bedrifter. Statkraft, som er ein av dei produserer energi og straum til bedrifter som for eksempel Hydro Aluminium. Høyanger generelt er delvis knytt til bedriftene sine som støttar bygda med både økonomi og arbeidsplassar. Høyanger er kanskje ei lite og mindre kjent bygd, men den har bedrifter som ganske sikkert har og vil fortsette med å sete sine spor både i bygda og i landet generelt i framtida.

CC BY-NC 4.0 Høyanger; eit samfunn under utvikling av Alexandra Sæle Sæbø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Alexandra Sæle Sæbø, 2008
Klassetrinn: VG2, Studieførebuande
Kjelder: www.fylkesarkiv.no ''Individ og fellesskap'' av Egil Andresen, Rune Henningsen og Karl-Eirik Kval (2007) ''Kraftutbygging for industristaden Høyanger'' Artikkel av Elin Østevik Trygve Sæbø, født 29.03.63
Kommune: Høyanger