Henrik i 200 !

Henrik Wergeland vart fødd i Kristiansand den 17.juni 1808
Wergelandsåret 2008 : I år er det 200 år sidan Henrik Wergeland vart fødd, og dette vert markert på ymse vis rundt om i Noreg. Sidan Henrik på farssida hadde sine slektsrøter frå Sogn og Fjordane, vert jubileet markert også i vårt fylke, spesielt i Gulen kommune.
Plassering i kart
Namnet Wergeland kjem opprinneleg frå garden Verkland i Brekke,som ligg i Gulen kommune.
Faren til Henrik, Nicolai, stamma frå garden Verkland. Han vart likevel fødd på Mjøs på Osterøy, fordi faren som var klokkar, hadde flytta dit . Døypenamnet hans var Nils , men dette namnet forandra han som vaksen til Nicolai då han gifta seg oppover i stand og skaffa seg presteutdanning. (Latinisering av Niels er Nicolai)
Henrik Wergeland var svært oppteken av farsrøtene sine, så i juni 1832 tok han seg ein tur til Vestlandet-over Sognefjellet -og han var innom både Eivindvik og Brekke. Han skreiv også eit dikt om Eivindvik denne sommaren.
-
Henrik Wergeland vart fødd
i Kristiansand den 17.juni 1808 Foto: maleriall-rights-reserved
- Far til Henrik vart fødd i 1780 på Mjøs, Osterøy der faren hans var klokkar. Han vart seinare ein av Eidsvollmennene i 1814.
-
Namnet Wergeland stammar opprinneleg frå garden Verkland i Gulen, Sogn og Fjordane Foto: Hermund Kleppaall-rights-reserved
Faren til Henrik, Nicolai, kom opprinneleg frå garden Verkland i Gulen. Han vart ein av Eidsvollmennene i 1814, og i 1817 tok han med familien og flytta til Eidsvoll fordi han fekk eit prestekall der, så her vaks Henrik opp saman med sine 4 sysken.
I 1975 sette Brekke Ungdomslag opp ei minnestøtte på ættegarden Verkland.
Henrik Wergeland vart ikkje gamal , men han rakk å få utretta mykje for Noreg i den tida han levde. Mellom anna på områda menneskerettar,fridom og likskap,demokrati, utvikling av norsk språk og gjennom sine dikt, songar og forteljinger.
Han døydde den 10.juni 1845 i Kristiania, nær 38 år gamal.
Henrik i 200 ! av Gunvor Lillian Godø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.