Sidemeny+

Gulatinget

Posted on 23. apr 2008 by in Kulturarv, Museum

Foto: Anne Grete H. Opdalcbn

Gulatingsparken på Flolid er 2000 årsstad i Sogn og Fjordane

I vikingtida var Gulatinget ein viktig samlingsstad der lovar og reglar vart til, først munnleg og seinare vart lovane skrivne ned.

Plassering i kart

Gulatingspark på Flolid Det har vore mykje diskusjon om kor det gamle Gulatinget eigentleg har vore i Gulen. Har det vore i Eivindvik eller på Flolid? Men Gulen kommune bestemte seg for å lage ein Gulatingspark på Flolid som vart vald som tusenårstad i Sogn og Fjordane. Her kan bl.a.turistar og skuleklassar få omvising. Bård Breivik er kunstnaren som har laga alle statuane i Gulatingsparken. Området blir i dag brukt til mange ulike arrangement som konsertar, gudsteneste, bryllaup og andre arrangement. Gulatinget og Gulatingslova Gulatingslova er den første nordiske lovboka vi kjenner til. Gulatingslova finst i dag i handskrive versjon frå om lag 1250. Men Gulatinget var mest sannsynleg tingstad allereie tidleg på 900-talet. Gulatinget var til å begynne med eit allting der alle frie bønder hadde rett til å møte opp. Kvart år samla det seg bønder frå heile vestlandet for å drøfte politiske saker, som skattelegging, militære plikter og andre saker. Dei brukte også Gulatinget til å dømme konfliktar og kriminelle handlingar. Nokre år etter vart det bestemt at Gulatinget skulle bli eit lagting som innebar at berre utpeikte bønder frå dei ulike fylka hadde rett til å møte opp. Håkon den gode I Snorresagaen står det at Håkon den gode (935-61) tok aktiv del i tingsamlingane i Gulen. Under hans styre kom Rogaland og kanskje Agder og Sunnmøre under Gulatingaområdet. Seinare kom også Valdres og Hallingdal med. Fleire gonger har det vore framført sogespel om Håkon den Gode i Gulatingsparken. Flytting til Bergen På 1300 tallet vart Gulatinget flytta til Bergen og vart no kalla Gulating lagmannsrett. Det gamle Gulatinget i Gulen er viktig historisk , og det fortel om utviklinga mot det moderne demokratiet.

CC BY-NC 4.0 Gulatinget av Kurt Helge Pedersen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anders Halland, 2008
Klassetrinn: 8.klasse
Kjelder: Kjelder: Http://www.Gulatinget.no/ Reidun Halland.
Kommune: Flolid i Gulen