Sidemeny+

Frå Helvetesfossen til Olav den Heilage

Posted on 30. apr 2008 by in Ferdsle, veg og sti

Foto: Aslaug Øydvincbn

Vegen svingar seg bratt oppover. Her frå Olavskjelda og opppover.

Kongevegen mellom Okleviki og Årøy er truleg bygd før år 950 og var i bruk heilt til 1905. Langs vegen finn ein fleire landemerke som det knyter seg historiar til. Her skal me sjå på to av dei.

Vegen mellom Årøy og Okleviki er ikkje lenger i bruk som køyreveg, men vert av mange nytta som turveg. Vegen er tidvis svært bratt og svingete, han er bygd opp med høge gråsteinsmurar. Oppå desse igjen står det stabbesteinar. Vegen kan minne om Vindhellavegen i Lærdal.< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />

Kongevegen
Det vert sagt at vegen vert kalla kongevegen sida det var kongen sine menn som bygde den, truleg i vikingtida. Det er også kongar som har fare denne vegen, blant anna kong Sverre og Olav den Heilage. Vegen går frå Marifjøra i Luster og til Barsnes i Sogndal. Stort sett er vegen halde godt ved like, men det er eit parti langs vatnet på Hafslo som er vorte vekke i byggjefelt. I enden av siste byggjefelt kjem vegen til syne att, og derfrå kan du fylgja den heilt til Barsnes. Det er lagt ut trimbøker langs vegen, blant anna ved Fantahilleren på Hafslo sida og ved Olavskjelda på Sogndalssida.

Fossen som tok liv
Før vasskraftutbygginga i Årøy var Helvetesfossen ein stor og vill foss. I dag er denne regulert og stort sett så godt som turrlagd. Langs fossen er det ein stor stein som vert kalla Futaspranget. Det har seg nemleg slik at i gamle dagar var det noko me kalla futar som for rundt å samla inn skattar av folk. Desse var ofte upopulære folk. Ein gong budde det ein fut på Hafslo som var ekstra vanskeleg og hard. Han fekk terga på seg mange bønder og dei la på sprang etter han. Då han kom til denne fossen tok han sats på ein stein og ville hoppa over. Han kom ikkje heilt over og landa i Helvetesfossen. Derav kom namnet Futaspranget.

Futaspranget vert også kalla Hallupspranget. dette etter høvdingen Hall som vekk valet mellom å verta drepen av sogningar eller hoppa på fossen. Dette var i samband med at kong Sverre i 1184 sendte hærfolka sine til det som den gong heite Lusakaupang, nemleg Hafslo. Han ville straffa sognebøndene etter at nokre lendmenn hadde vorte drepne i Lusakaupang, der dei var samla til jolegilde. Sogningane vann kampen mot hærfolka. Høvdingen Hall var ein av dei som overlevde slaget, men fekk valet mellom å verta drepen eller hoppa på fossen. Difor vert fossen også kalla Hallupspranget.

Legande effekt?
Det vert sagt at Olav den Heilage vitja Luster via Kongevegen. Han stoppa undervegs og drakk av Olavskjelda. Etter dette vert det sagt at kjelda hadde ein legande effekt. Olav den Heilage var ein av dei som ville kristna landet vårt. Kanskje var det akkurat det han skulle då han kom hit? Det er mange som legg krossar av kvist rundt kjelda til minne om kongen og i denne kjelda skal det alltid vera vatn.

 

 

 

 

CC BY-NC 4.0 Frå Helvetesfossen til Olav den Heilage av Aslaug Øydvin er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Aslaug Øydvin, 2008
Kjelder: http://www.sffarkiv.no/samsok2/default.aspx?skin=kulturnett, http://fylkesarkiv.no/,http://www.sffarkiv.no/samsok2/default.aspx?skin=kulturnett
Kommune: Hafslo