Sidemeny+

Ein vanleg arbeidsdag på metallverket i Høyanger

Posted on 23. apr 2008 by in Arbeidsliv

Tettstaden Høyanger har oppimot dei siste hundre åra vorten kjend som industristaden Høyanger. Midt på kaia blant den ville naturen i Ytre Sogn, etablerte det seg eit moderne metallverk som skulle sikre liv i den vetle bygda. Verket dreiv gjennom heile mellomkrigstida med sikte på kraftkrevjande industri og driv fortsatt i desse dagar som ei sterk bedrift og leverandør av aluminium. Vi har intervjua far og son som begge har arbeida heile karrieren si på metallverket. < ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />

Korleis var/er ein vanleg arbeidsdag på metallverket i Høyanger?
Korleis har arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene endra seg gjennom tid?
Dette vil vi prøve å gi deg eit innblikk i gjennom teksten
.

Plassering i kart

Intervju av Karl Roar Vadheim, tidlegare arbeidar på Hydro Aluminium

Karl Roar Vadheim begynte å jobbe på Hydro i 1950, som 17 åring. Då var han kun tilsett som ferieavløysar, men heilt sidan den gang har han vore tilsett som sveisar/reperatør på Hydro i industribygda Høyanger. Han slutta i 1995, då gjekk han over til pensjonisttilværelsen. Ein typisk arbeidsdag på Hydro bestod av mykje røyk og gass og hardt fysisk arbeid, fortel Karl Roar. Han fortel vidare at dei harde fysiske arbeidsoppgåvene gradvis blei overtatt av maskiner, og arbeidsoppgåvene hans gjekk over til å vere meir vedlikehold av maskiner og utstyr. Vi fekk betre og betre hjelpemiddel, i takt med at tida gjekk fortel han.
Dei første 10 – 15 åra eg var tilsett på Hydro blei alt gjort for hånd. Det var hardt fysisk arbeid, og har gjort at eg har fått halvastma. Seinare kom det all slags maskiner og truckar, gode hjelpemiddel.

 

Korleis var det med  fri og ferie?
I 1950 då eg byrja å jobbe på Hydro hadde vi 45 timers arbeidsveke. Då eg slutta i 1995 var denne redusert til 37 timers arbeidsveke. På lørdagar jobba vi til kl. 12. I løpet av arbeidsdagen hadde vi ein spisepause, og elles småe pausar, som varte i om lag 5 minuttar. Skiftarbeidarane jobba både om natta og om dagen. Dei hadde ein fridag i veka og hadde av og til langhelger. Det var verst å vere skiftarbeidar.  Dei måtte jobbe 17. Mai, jula, påsken og andre raude dagar på kalenderen. Tidlegare var det 3 skiftsarbeid, no er det gått over til 5 skiftsarbeid, altså det er meir fri for skiftarbeidarane og. Det blir betre og betre med åra.

 

 Korleis opplevde du arbeidsmiljøet på Hydro?
Det var eit trygt arbeidsmiljø der. Til å begynne med var det ikkje heilt på topp. Då eg begynte på Hydro var det ikkje snakk om noko verneklede. No er det påbudt med makse, hjelm og verneklede. Det er veldig strengt angåande sikkerheit, og eit verneombud passar på at reglane vert overholdt. Eg var i ein periode verneombud. Helse og sikkerheit på arbeidsplassen har altså gått frå å vere noko ein ikkje tenkte over til å bli første prioritet. Det var eit godt arbeidsmiljø på Hydro. legg Karl Roar til.

 

Korleis var ordningane med sjukemelding, sjukepeng og permisjon?
Då eg begynte hadde vi ingenting. Det var ingenting som heitte sjukepeng då. Seinare fekk ein betalt sjukemelding og tre sjukedagar, dagar ein kunne vere sjuk utan legeerklæring, og få betalt for det. Før hadde vi ikkje fast lønn viss vi vart sjuke.

Hadde du pappaperm då du fekk barn?
Nei, det hadde eg ikkje. Det er noko som er komt no i dei seinare åra. Det er ei fin ordning som det var dumt at vi ikkje hadde.

 

Var noko kjønn overrepresentert på arbeidsplassen?
Det fantest ikkje jenter der nede før. Dei kom seinare til. Rundt 1970. 1975 kanskje.

 

Merka du klare sosiale skiller mellom arbeidarane og leiinga?
Å ja! Leiinga hadde fri kvar helg og alle fridagar, sjølvsagt. Det var spesielt store forskjellar dei første åra. For eksempel handla «dei fine» på private butikkar, som Sæbø. Det fanst og to idrettslag; HIF for «dei fine» og Falken for oss arbeidarane. Kantine var det berre på «det gule bygget» som vi kalte det. Det var der kontorfolka jobba. Vi hadde med oss matpakke, mjølk og kaffi sjølve og åt rundt på arbeidsplassen. Seinare fekk vi mjølk og kaffi på arbeidsplassen, men vi hadde fortsatt med oss matpakke.

 

Vart det mindre forskjellar i dei seinare åra?
Ja, det blei mindre forskjellar mellom arbeidsleiarane og arbeidarane i seinare tid. No finst det ikkje skiller mellom dei.

 

Korleis var lønna?
Den var lik som andre industriarbeidarar i Noreg fekk. Vi fekk lønn etter tariff.  Karl Roar legg til at ein fekk betre betalt som fagmann, altså då ein hadde tatt fagbrevet. Det er altså det same som i dag.

 

Vidare fortel Karl Roar om at han ofte reiste på sveisekurs. Det kom alltid noe nytt, så vi var nødt til å reise på kurs for å holde følgje med tiden. Det var altså ein utvikling igjennom heile tida Karl Roar arbeida som sveisar på Hydro i Høyanger. Fysisk arbeid gjekk meir og meir over til maskinelt arbeid og dette førte med seg endringar i arbeidsoppgåvene til dei ansatte. Frå ein røykfull, hard fysisk arbeidsdag, utan fokus på sikkerheit og helse, har Hydro utvikla seg til å bli ein trygg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø, med gode maskinelle hjelpemiddel og utan sosiale klassar. 

 

Intervju av Helge Erik Vadheim, arbeidar på Hydro Aluminium

 


Helge Erik Vadheim begynte å arbeide på metallverket i Høyanger den 11. januar 1981, då han var 21 år. Då heitte arbeidsplassen ÅSV, i staden for Hydro.

 

Beskriv ein typisk arbeidsdag på Hydro
Eg koordinerar flytande og kaldt metall og støyper valseblokker som vi leverar til kundar rundt om i Europa.

 

Kva slags arbeidsoppgåver inngår i ein vanleg arbeidsdag?
Eg er arbeidsledar. Planlegging av produksjon. Koordinering av vedlikehald. Eg har fagbrev i elektrokjemiske prosessfag støyperi.

 

Kva rettar har du som arbeidar?
Eg har dei reglane som står i arbeidsmiljø lova. 33.6 timars arbeidsveke.

 

Korleis er ordningane med ferie, feriepeng, permisjon, sjukemelding og sjukepeng?
Vi har gode ordningar med det. Vi har 10 % feriepeng. Nå får du permisjon med fødsel, farskapspermisjon. Du har også rett til eigenmelding ved sjukdom.

 

Korleis opplever du arbeidsmiljøet på arbeidsplassen?
Det er eit bra arbeidsmiljø mellom menneska. Eller så er det jobbmessig ganske stressandes å arbeide der til tider.

 

Er arbeidet hardt fysisk? Har du opplevd plager som følgje av arbeidet?
Det var hardare fysisk arbeid før, det var fysisk tyngre. Eg starta i elektrolysa og vart flytta til støyperiet i 86 pga halv astma.

 

Har du nokon gong følt deg utrygg på jobb?
Ja, ein gong då det rann ut flytande metall ukontrollert. Men elles aldri.

 

Er noko kjønn overrepresentert på arbeidsplassen?
Ja, det er eit mannsdominert yrke.

 

Merker du klare sosiale forskjellar mellom arbeidarane og leiinga?
Nei ikkje mykje, men det var meir før.

 

Trur du det er stor forskjell frå å jobbe i hydro i dag enn kva det var for 50 år sidan?
Ja det er jo klart. Før var det mykje tyngre, lengre arbeidsdagar  og meir støy. Meir manuelt arbeid. Nå er det meir datamaskiner, betre arbeidsmiljø og ein tryggare arbeidsplass.

 

Syntest du det er eit bra betalt yrke?
Må vere såpass.

 

Kunne du tenkt deg eit anna yrke viss du kunne skru tilbake tida?
 Ja, eit yrke der det ikkje var skift arbeid.

 

Korleis høver desse erfaringane inn i eit større bilete? 

 

I boka Individ og fellesskap, 2007, står det ein teori om endringar som har skjedd i arbeidslivet:
Samfunnet blir meir spesialisert. Både organisering av samfunnet og produksjonen pregast av dette og meir spesialisering stiller og krav til at samfunnet må organiserast.
I den stadig økende spesialiseringen ligger det også en kime til større ulikhet.
 

Vi tok utgangspunkt i denne teorien då vi gjorde intervju av dei to industriarbeidarane, Karl Roar Vadheim, tidlegare sveisar på Hydro Aluminium, og Helge Erik Vadheim, arbeidsleder på Hydro Aluminium. Vi ser at den første delen av teorien stemmer. Arbeidet ved Hydro har blitt meir spesialisert, og maskiner har overtatt mesteparten av det arbeidet som tidlegare vart gjort fysisk. Arbeidsmiljø og sikkerheit på arbeidsplassen har gått frå å vere uviktig til å bli førsteprioritet. Kortare arbeidsdag, bedre permisjons- og sjukeordningar, verneklede og meir vekt på tryggheit.
Til dømes hadde Karl Roar Vadheim, som er far til Helge Erik Vadheim, ikkje pappapermisjon då Helge Erik blei fødd, medan Helge Erik fekk betalt pappapermisjon då han sjølv blei far.

 

Derimot stemmer ikkje den siste delen av teorien; at i takt med den aukande spesialiseringa ligg det og ein kime til større ulikheit. Begge dei to industriarbeidarane vi intervjua hevda at det var mindre sosiale forskjellar mellom arbeidarane og leiinga no, enn det var før. Den pensjonerte Karl Roar Vadheim hevdar ar desse sosiale skiljene no var heilt borte.

 

Oppsummering
Gjennom desse to intervjua har vi fått gode inntrykk av arbeids dagen til ein vanleg industriarbeidar ved metallverket i Høyanger. Vi har sett korleis arbeidsdagen og arbeidsmiljøet har endra seg frå 1950-talet og fram til i dag. Spesialisering, maskinering og auka sikkerheit er nøkkelord når vi skal snakke om kva som har endra seg. Begge intervjuobjekta er einige om at arbeidssituasjonen både med tanke på sjølve arbeidet, det sosiale, tryggleiken og ferie- og permisjonsendringar har endra seg til det betre.

CC BY-NC 4.0 Ein vanleg arbeidsdag på metallverket i Høyanger av Ida Anderssen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Oda Vadheim, Ida Andersen, 2008
Klassetrinn: 2.klasse studieførebuande
Kjelder: Individ og fellesskap, 2007, Cappelen Andresen, Henningsen, Kval Karl Roar Vadheim (1933), tidlegare arbeidar på Hydro Helge Erik Vadheim (1960), arbeidar på Hydro Bilete: kulturnett.no
Kommune: Høyanger