Vatningsveiter i Leikanger
I Leikanger har det vore brukt kunstig vatning frå fjellveitene. Fjellveitene er ein del av den lokale kulturarven i Leikanger. Den illustrerer vatn som ein ressurs og grunnlag for eit meir effektivt jordbruk. Dette starta i 1860 – åra. Lærarane ved Leikanger ungdomsskule ønskte at elevane skulle verta kjende med denne kulturen. Eg gjekk difor «veitaturar» med 10. klassingane i 2005 og 2006.
Plassering i kart
Turen gjekk frå Kleppa til «Diskohola». Diskohola er den store rasteplassen for dei som skal vera med på førsteetappen i Kjeringi Open. Temaet var å verta kjend med Husabøveiti og Hamreveiti. Elevane fekk informasjon på utvalde stader: stølsvatnet i slalombakken på Kleppa, Husabøveiti over Vidmyrane, Husabøveiti som grovi til Kalbakk, Husabøveiti og Hamreveiti tett i tett, nedslagsfeltet for veitene.
På denne måten har nærare 60 ungdomar frå Leikanger vorte kjende med veitesystemet. Desse lærarane var med:
Sissel Espe, Cato Aalen, Hanne Havnen, Åse Melås (2005) og Reidun Sterri Fjell, Helge Ness, Torunn Gro Blomdal (2006)
Presentasjonar frå turen i 2005 og 2006 som pdf.
-
10. klassingar på veitatur Foto: Torunn Gro blomdalall-rights-reserved
-
Stølsvatn (slalombakken) Foto: Torunn Gro Blomdalall-rights-reserved
-
Hamreveiti kryssar Husabøveiti Foto: Torunn Gro Blomdalall-rights-reserved
-
Husabøveiti over Vidmyrane Foto: Jon Henjumall-rights-reserved
-
Starten på Hamreveiti Foto: 2003all-rights-reserved
-
Rasteplass i Husabøveiti Foto: Jon Henjumall-rights-reserved
Vatningsveiter i Leikanger av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.