Sidemeny+

Vasshjul ved Leikanger barneskule

Posted on 5. mar 2008 by in Kunst og kultur, Pedagogikk

Foto: Jon Henjumall-rights-reserved

Vasshjulet på funnstaden

Biletet viser vasshjulet slik det vart funne i nærområdet til Leikanger barneskule. Vasshjulet dreiv slipesteinen som bøndene brukte til å slipa bruksutstyr som ljå og øks. Vatnet vart teke frå Henjaelvi og leia inn i ei grov som dreiv vasshjulet og slipesteinen. Området ved Henjaelvi vart i daglegtale omtala som Slipesteinane.

Plassering i kart

Eg underviste elevane i 7. klasse ved Leikanger barneskule. Temaet var matematikk i teknologi og design. Talet på skovlar kunne variera etter fallhøgda, i dette tilfellet var det 12 skovlar. Vasshjulet har likskap med ei klokke og me såg på vinklane mellom skovlane. Ei jente kom med denne utsegna: Viss det er 360 grader rundt sirkelen, og så er det delt med 12 eikertar, vert det 30 grader mellom kvar. Ho ga klart uttrykk for at vetlevisaren på ei klokke hadde rotert 30 grader når det hadde gått ein time, 60 grader når det hadde gått to timar osv. Eg ga denne oppgåva til elevane: Bruk vasshjulet til å forklara vinklar på 30, 60, 90, 120, 150, 180 grader.  Biletet til høgre viser korleis ein av elevane oppsummerer ein vinkel på 60 grader (kan vera spriket mellom to barnefingrar).

Du kan lesa meir om dette i Tangenten 4/2006 (tidsskrift for matematikkundervisning) eller besøka nettsida om matematikk i teknologi og design.

Arbeidet vart gjort saman med Elisabeth Skau og Arnstein Hauge (lærarar ved Leikanger barneskule).

CC BY-NC 4.0 Vasshjul ved Leikanger barneskule av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jon Henjum, 2008
Klassetrinn: 7
Kommune: Henjaelvi/Leikanger barneskule