Sidemeny+

Tysbast Daphne Mezereum (Eng. Mezereon)

Posted on 20. mar 2008 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Blomstrar i februar på bar kvist

Alt i februar får denne buska blomar på bar kvist. Både blomst og bær er giftige; ja heile planten er faktisk giftig. Blomane lyser opp i ein heller grå hage om våren, og dei knall raude bæra om hausten friskar og opp i hagen. Fuglane tåler gifta i bæra og dei sprer bæra rundt i naturen, så ein kan finne tysbast utan for hagane og.

Plassering i kart

Utsjånad
Liten, fågreina busk med lysegrå, seig bork og ein dusk snaue lysegrøne blad i toppen av kvistane. Blomstring før blada kjem. Det set 2-4 blomster i kvart feste etter fjorårsblada. Raude blomster med langt underbeger og 4 begerblad. Manglar kronblad. God lukt. Steinfrukt med eit frø, først grøne bær, tilslutt raude og mjuke. Buska kan bli 0.5-1.5 m. Trivst best der det er litt skugge og grunnen er kalkrik.

Litt om namnet
Nymfa Daphna vart omskapt til eit tre for å gøyme seg for Apollo. Mezereum kjem frå persisk via arabisk, mazeriym tyder drepe. Greinene er svært seige, og dei er vanskelege å slite av. Må ikkje prøve å bite av av ei grein, det kan føre til at ein hovnar opp i halsen.
Veldig vond smak av både bær og bark. Berre nokre få bær kan vere dødeleg dose. Fuglar verkar ikkje gifta på. Frå gamalt av vart det sagt at 6 bær var nok til å drepe ein ulv.

Medisin og overtru
Samane nytta tysbast mykje som medisin. Kvister, bork eller bær vart lagt ned på brennevin, og nytta som medisin mot gikt. Det vart kokt te av bæra som vart brukt mot tuberkolose. Hjelpte ikkje det, var det inga råd.
Ein kunne ete eit bær mot bendelorm. Kvister og bark vart nytta som amulettar for å holde vekk trollskap på menneske, dyr og avdrått.
Basten på tysbast var så seig og sterk at ein kunne binde Ferniksulven med han

Utbreiing
Nokså vanlig på Austlandet nordover frå Tvedestrand og Bygland, sjeldan i Østfold. Sjeldan også på det indre av Vestlandet. Meir vanlig i Trøndelag.

CC BY-NC 4.0 Tysbast Daphne Mezereum (Eng. Mezereon) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: Lid-Lid
Kommune: Sandane