Templane-vid utsikt alle vegar

På toppen av Templane-483 meter over havet
Mange fjelltrimmarar vert ofte gåande på dei same toppane; dei har liksom funne sine stiar og strekkjer. Greit nok det; dei fleste av oss likar å ferdast i naturen, og naturen er der du er, men vågar du trø på litt ukjende stiar, vil du oppdage at sanneleg finst det fine stader utanom dine favorittoppar også. Templane på Lavikdalen er ein slik stad.
Plassering i kart
Turen startar
Templane kan vere turmål heile året. Vintersdagen går du frå Øvre Lavikdal, men når vårsola begynnerå varme i sørhellingane, er Nedre Lavikdal eit glimrande utgangspunkt. Berre nokre meter forbi samfunnshuset inn mot Mølmesdal finn du ein liten parkeringsplass og skilt som fortel at her er utgangspunktet for turen.
Framifrå merka sti
Her må eg gje honnør til fjelltrimgruppa i Lavik IL. Dei har eldsjeler som har rydda og merka kring 30 ruter mot toppar og tindar ? heilt fantastisk, og skulle du ønskje å rusle meir på desse stiane, bør du skaffe deg kartet med turruter som Lavik Idrettslag ? Fjelltrimgruppa har for sal.
Oppturen
Ein vanleg fjelltrimmar vil nok nå Templane på knapt timen. I byrjinga er stigninmga moderat, men litt om litt vert det skikkeleg bratt, men her er det mykje berg i dagen, så det ber greitt oppover. Skulle du ha trong for ein pust i bakken når sveitten silar som verst, finn auga nok å feste seg ved: Lavik såta i sør, i vest Lifjellet og under deg bøane, vatna, og skogkledde åsar og haugar og heier kring Nedredalen og Mølmesdalen.
På toppen
Heilt fantastisk, vidt utsyn alle vegar. Her får du mykje att for 50 minuttar med motbakke og målpassering 483 meter over havet. Etter du har tørka sveitten or auga og nytt appelsina eller kvikklunsjen, er det tid for orientering og rekognosering. Meir seier eg ikkje, for litt må du no få lov til å finne ut sjølv og.
Men God tur til Templane !
-
På toppen av Templane-483 meter over havet Foto: Håkon Haukøycbn
-
Går du mot Templane frå sørsida, er denne trimtoppen ein heilårspost. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Fantastisk utsikt mot vest. Ut mot havet skimtar vi Lifjellet. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Steinlagt sti i terrenget vitnar om ferdsel frå eldre tider. Er det stølsveg eller sti mellom grender ? Foto: Håkon Haukøycbn
- Vegen mot Templane er godt merka og lett å gå der foten trør trygt på lyngrabbar og berg.
-
Fjelltrimmar skriv seg i boka og får velfortente poeng etter ein skikkeleg motbakketrim. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Snødekte toppar alle vegar. Her ser du Robba og Blåfjell mot nordvest. Populære trimtoppar både sommar og vinter. Foto: Håkon Haukøycbn
Templane-vid utsikt alle vegar av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.