Sidemeny+

Telemark og vatningsveiter

Posted on 26. mar 2008 by in Landskap

I 2005 tok Egil Johannes Vangsnes initiativ til Sognefjordrennet. Biletet viser ein viser telemarksløpar i den siste reipelykkja med flott utsyn til Sognefjorden.Etterpå kasta han seg ut i den siste bratte bakken som fører mot målområdet i Oreveitane. Frå Kjeringi har løparen køyrt med Henjaveiti på venstre side og kryssa veiti i målområdet. Du kan sjå løypa med bileta frå Fagreggi til Oreveitane som år i eit litt anna terreng enn Kjeringi Open


 

Plassering i kart

Utfordringa
Til liks med Kjeringi Open er Sognefjordrennet med på å gje Leikanger eit positivt omdøme. Telemarksfolket kjem til bygda, det vert skrive artiklar i Fri Flyt og bygdefolket kjem til Oreveitane. Å presentera andre samanhengar som området har vore brukt i,  kan vera med på å byggja ein breiare identitet i bygdefolket. Brosjyra om Henjaveiti er døme på slikt arbeid. Området egnar seg godt for undervisning eller at ein brukar seg av nettressursar om området.
Det er klare parallellar mellom veiti og telemarkløparen: dei naturgitte forholda er grunnlaget for ein enkel brukskultur. Dette er unikt for Leikanger! Sjå fleire bilete frå vatningsveitene.

Bruk av fagressursar
Som døme vel eg kategorien stadnamn/lokale stadnamn på fylkesarkivet. Skriv Oreveitane og du finn ut at uttalen er   «ao: revai:tad*n», litt om bruksområda og at informantane var Erling Røysum, Leif Dalheim og Jens A. Palne. Lær meir med å søka på Stemmedalen, Øykahaug, Nyteigane, Okslahaugane,   Du finn ut at Stemmedalen kjem av at dei stemde (stengde) ut stølsvatnet.

Syril har oppdatert det gamle o-kartet for Kleppa. Det dekkar delvis  området ved Stokksete og med litt tolmod finn du veitene. Det same gjer du ved å sjå på satelittbileta på Norge i bilder.Teknologi er eit godt verktøy til å spreia kunnskap. Likevel må me ikkje gløyma at informanten frå bygda er den viktigaste fagressursen i arbeidet med brukskultur.

 

 

CC BY-NC 4.0 Telemark og vatningsveiter av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jon Henjum, 2008