Svanholmbua – frå fiskebruk til turistperle
Sjøbua i Svanholmen , Byrknesøy, har i mange år gjort nytte i fiskeribransjen. Ho har i alle år vore ein del av inntektsgrunnlaget for folket i Svanholmen. No er sjøbua ombygd, og husar fiskeglade turistar frå inn- og utland, og er igjen blitt ein viktig del av inntektsgrunnlaget for folka i Svanholmen.
Plassering i kart
I gamle dagar var sjøbua base for fiskarane i Svanholmen. Sjøbua var fyllt til randen av alleslags fiskereidskap, her vart nødvendige reparasjonar på båt og bruk utførte, nye garn og nøter vart laga.. I det eine hjørnet sto egnebua, godt isolert med varmovn slik at egnarane ikkje skulle fryse.I eit anna hjørne låg verkstaden. Ein fiskar måtte ha kjennskap til mykje. Ved kaien låg båten, nypussa og fin. Han var alltid klar til bruk.
Fisket var hovudnæringa or folka i Svanholmen, slik det også var for dei fleste innbyggjarane på Byrknesøy. I dag er det ikkje så mange fiskarar igjen, og aktiviteten i sjøbuene er deretter.
Men sjøbua i Svanholmen har fått nytt liv og nye aktivitetar. Bua er ombygd til det som på moderne språk vert kalla rorbu. Egnebua er blitt til soverom, der nota låg kan ein no finne eit moderne baderom, kjøkenet er plassert der lyregarna var lagra og «skukkjen» er no blitt hems med to soveplassar. Romma er pynta med ulike maritime gjenstander frå «svundne tider». Dei er også komne til heider og verdighet igjen
Svanholmbua har no sengeplass til 10 personar. Det er mest fiskeglade personar frå Tyskland som vitjar Svanholmbua no. Her trivst dei, og mange av dei kjem att år etter år. Sjøbua i Svanholmen er igjen blitt ein del av inntektsgrunnlaget til folka i Svanholmen.
Svanholmbua – frå fiskebruk til turistperle av Bjørn Misje er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.