Skipsforlis i Ytre Gulen – Scan Lifter.
Onsdag 6. Januar 1993 gjekk skipet Scan Lifter på grunn i Røytinga utanfor Byrknesøy i Gulen. Ombord i båten var det 8 personar, og ingen blei alvorleg skadd. Det var full storm i området. Grunnen til forliset var motorstopp.
Plassering i kart
Hell i uhell. Båten var bygd i 1970, men maskina var bygd opp på nytt året før. Han var lasta med 8 containerar med stålbjelkar som skulle til Askvoll. Då båten fekk motorstopp, var dei på full fart mot Grimskjeret. Dei var redde for at dei skulle gå på skjeret, og gå ned på 400 meters djupne. Då hadde mest sannsynleg båten blitt til pinneved, og mannskapet ville forsvunne. Men styrmann John Olav Skoglund frå Åkra i Rogaland klarte med nød og neppe å manøvrere skipet forbi skjæret med 5 meters klaring. Då rak dei opp og sette seg fast i Røytinga. Der blei dei redda av fire menn frå Byrknesøy, og i redningshelikopter. At eit skip får motorstopp i full storm er vanleg i følgje kapteinen, Jan K. Berg. Før dei blei kasta på land prøvde kapteinen å kaste ein redningsflåte på sjøen, men han blei blåste vekk som ein ballong, seier kapteinen. Redningsaksjonen. Fire menn frå Byrknesøy fekk ein telefon frå lensmannen i Gulen tidleg onsdag morgon. Då var det å skunde seg ut til Røytinga for å prøve å redde mannskapet på båten, i tilfelle helikopteret ikkje rakk fram i tide. Det var for dårleg vêr til å køyre fram til skipet, så dei måtte gå i land på andre sida av Røytinga. Dei måtte gå over øya før dei kom fram til vraket. Det var redningshelikopteret frå Sola som fekk mannskapet vekk frå øya. Det var ingen som blei alvorleg skada, men med ein gong dei kom tilbake på land, blei ein av mannskapet sendt i ein ambulanse til Haukeland sjukehus på grunn av sjokkskade. Resten av gjengen blei sendt til Bergen på et hotell. Der fekk dei reine og tørre klede, og ein plass å sove. Oppryddinga. Båten blei liggjande i fleire månader, men etter ein storm knakk han til slutt i to. Det var skulemusikken på Byrknesøy som fekk i ansvar å rydde opp. Då hadde det allereie vore nokon der som hadde fjerna vraket, og det verste var teke vekk. Det dei gjorde var å plukke opp ting som isolasjon og bitar som ikkje var blitt fjerna. Alt arbeidet vart gjort på ein dag. Skulemusikken fekk 25 000 kr for jobben. No er det igjen blitt ryddig og fint i Røytinga. Skipet er borte, og alt boss frå skipet er blitt fjerna. Det rann ut 55 tonn dieselolje, men det vart ikkje sett i gang noko oljeopprydning. Det var fordi oljeutsleppet var lite, og all olja fordampa i løpet av et par dagar.
Skipsforlis i Ytre Gulen – Scan Lifter. av Jan Ove Einebærholm er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.