Sidemeny+

Skipsforlis i Ytre Gulen – Novaja Sibir

Posted on 28. mar 2008 by in Arbeidsliv

Foto: Per A Ryancbn

Novaja Sibir kort etter forliset

Novaja Sibir var eit russisk skip. Vinden er sør-sørvest liten kuling. Rormannen misoppfattar ordre, og styrer feil. Nokre sekund seinare køyrer skipet på Røytekalven.

Plassering i kart

Grunnstøtinga. Om kvelden 19. februar 1959 er Novaja Sibir utanfor Byrknesøy på veg frå Århus til Murmansk. Det bles opp til sør-sørvestlig liten kuling. Rormannen får beskjed om å svinge til babord. Han misoppfattar ordren, og svingar til styrbord istaden. Berre sekund etterpå skrapar båten seg oppi land ved Røytekalven. Roret vert øydelagt, og samtidig får dei problem med motoren. Båten havnar til slutt med akterenden oppå Småværet. Der set båten seg fast i ein sprekk, og blir hardt skada. Mannskapet kjem seg trygt i land på holmen, og får sendt naudmelding til Lossentralen på Fedje. Redningsaksjonen. Det vart straks sett i gang redningaksjon. Bebuarane på Byrknesøy fekk høyre om nyheita, og kom seg i båtane sine, slik at dei kunne hjelpe til. Dei tok med seg mannskapet heim, og gav dei både pledd, mat og drikke. Alle dei 35-40 personane overlevde. Seinare fekk dei transport sørover til Bergen og heim til Sovjetunionen. I dagane etterpå var det stort oppstyr. Folk var nysgjerrige og ville ut og sjå kva som hadde skjedd. Det kan jo hende at folk forsynte seg med ting dei fann i vraket også. Oppryddinga. Båten blei liggande i lang tid. Til slutt blei han sprengd i mindre delar som vart frakta vekk og gjort om til spikar. Mange folk frå Ytre Gulen fekk opprydningsjobb ute ved vraket. Delane som kunne brukast vart demontert og frakta til Bergen. Men det var nok mykje som hamna i sjøbuene på Byrknesøy òg. Den dag i dag kan ein sjå restar etter Novaja Sibir. På Småværet kan du blandt anna finne vinsjen og andre delar frå båten. Russekrabbe. I lange tider etter fekk byrknesingane rusta krabbe i krabbeteinene sine. Grunnen var at Novaja Sibir var rusta og rusten smitta av på krabbane. Heilt vest i Hauskjeret ved Varholmen var alle krabbane brunrusta. Krabben blei kalla russekrabbe.

CC BY-NC 4.0 Skipsforlis i Ytre Gulen – Novaja Sibir av Bjørn Misje er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mikal Eriksen, Mariell Larsen Sætre, Julie E. Jørgensen 2008
Klassetrinn: 8 klasse
Kjelder: Havet tok Munnlege kjelder: Magnus Nymark, Lars Larsen
Kommune: Småvær - vest av Byrknesøy