Skipsforlis i Ytre Gulen – Lindøy
Morsdag , 8.februar i 1946, forliste fiskebåten Lindøy frå Austevoll i sterk storm utanfor Byrknesøy. Heile mannskapet på 20 omkom.
Plassering i kart
Dette er ein av dei største katastrofane i fiskeribransjen i dette århundre. Lindøy var ein ny og moderne båt, men klarde ikkje å stå mot kjempekreftene frå stormen denne sundagen i februar. Dei fleste av mannskapet kom frå Austevold i Hordaland. Båten var på veg til eit fiskefelt ved Fedje. Skipparen valde å ta ytre leia langs Byrknesøy i staden for å gå innaskjers. Havet ut for Byrknes kan vere strid. Straumsjøar og botnforhold gjer at bylgjene her kan bli store og kraftige og farlege. Blant mannskapet var det ein frå Byrknesøy, Clinton Teigen
Skipsforlis i Ytre Gulen – Lindøy av Bjørn Misje er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.