Salbutjørna
I gamle dagar var det mykje kaldare, og tjørna og vatna fraus fortare. Slik Salbutjørna låg,var ho ei svært populær tjørn. Vinteren gjennom var det alltid folk som stod på skeiser og konkurrerte i skeiseløp.Men det var ikkje berre skeiser tjørna vart kjend for. Folk pleidde å skjere ut isblokker for å halde fisken som skulle sendast til Bergen, kald og fersk.
Plassering i kart
Også vinter i Ytre Sogn
For nokre tiår sidan var det vinter også ute ved kysten i vårt fylke, og alle såg fram til den dagen Salbutjørna låg speilblank med trygg is. Og var det kuldegrader i lufta, gjekk det ikkje mange dagane før det på tjørna var eit yrande liv av store og små skeiseløparar. Der brukte dei både hockeyskeiser,lengdeløpsskeiser og skruskeiser. Når det var snø på tjørna, måka dei berre snøen vekk, og lagde skeiseøp og konkurransar. Ein sunn, sprek ungdom brukte rundt 25 sekund på ei runde på ca. 200 m. Dette var populær aktivitet både på 40-,50- og 60- talet.
Is til glede og is til nytte
Men det var ikkje berre skeiseløp på Salbutjørna. I gamle dagar hadde dei ikkje fryseboks, så dei skar ut store isblokker med spesielle is-sager, og sette dei på kanten slik ein ikkje skulle gå der det var hol. Når det var kome ny, tjukk og trygg is, tok dei isblokkene med seg på sledar og drog dei ned til sjøen og lagra dei i eigne ishus.
Ishuset
Ishusa var isolert med med sagrisp slik at isblokken kunne halde seg ut sommaren, ja, heilt til august. Inni ishusa ved sjøen hadde dei fisk, som skulle sendast til Bergen, men i gamle dagar hadde dei ikkje ekspressbåtar så det tok ikkje berre nokre få timar frå Sørbøvåg til Bergen; det kunne ta fleire dagar.
Ishusa gjorde jobben sin heilt til tidleg på 60-tallet, då fryseboksande kom, og folk kunne fryse ned varene sine sjølve. Berre vel 50 år sidan, men likevel då besteforeldra og oldeforeldra våre tykte det var gildt å få fryseboksen i hus.
Salbutjørna av Solås Ingvil er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.