Rasteplassen

Rasteplassen ved havet
Dei siste tiåra har det vorte slik for kystbonden og andre som bur nær sjøen og kan nyttiggjere seg ressursane som der finst,at nesten same kva du gjer, så gjer du noko gale – bryt ei eller anna lov eller forskrift.
Har du merkt garna dine? Kor tungt søkkje og kor mange anglar har du på dorga? Veit du ikkje at området er freda? Du har ikkje registreringsnummer på båten din! Kva ligg redningsvestane?
Det er ikkje å undrast over at dei som er glade i kysten og heimstaden sin, vert noko fortvila når dei vert kalla miljøkriminelle for nesten uansett kva dei gjer.
Uroa og fortvilinga til folket på Vestlandskysten og i Fjordafylket fekk meg til å skrive ned følgjande strofer.
Plassering i kart
Eg var trøytt, eg låg under mi dyne
og eg drøymde; eg tok meg ein lur.
Men då framfor meg såg eg det synet
av ein plass, noko folk og eit skur.
På eit skilt med bokstavar og pilar
stod det: Dette var Leirvik i Sogn.
Og på vegen forbi rak det bilar;
det stod Førde på kvar rutevogn.
Det var årstal to tusen og tjue,
og eg undrast: – Kva skal dette bety ?
– Å, me manglar eit torg og statue,
og kan ikkje kallast for by !
Ja, slik kom eg i prat med ein skrue:
– Dette her gjer meg rett og slett skremt.
– Å, da e» ikkje berre noke som du e»,
dette her kallast Samfunn Ekstremt.
Nedi fjøra stod nausta på skakke,
og der fanst ikke garn eller not.
– For det her kan me Oppsynet takke;
auksjonerte bort bruket på rot !
– Dei for med oss så skremeleg ille,
og vår kvote var kvar sin makrell,
Og når ikkje me var som dei ville,
vart me kalla miljøkriminell.
I ei vik låg det lenkja motorar.
Ho vart kalla for Gapestokkhamn.
Slik vart straffa for folket frå fjordar.
Dei med båt utan nummer og namn.
For det hadde minister’n forkynna
At den einaste stad du kan bu,
er der husa står tett i ei klyngja,
eller ingen kan nå deg med bru !
-
Rasteplassen ved havet Foto: Håkon Haukøycbn
-
Denne gamle handelsbua i Bøfjorden ville nokon ta vare på, men så vart ho freda, og då går det gjerne slik. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Snurpar i Bøfjorden. Det er langt mellom notbåtane no. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Minne frå ei tid som var. Bilete teke i Temaparken på Bulandet. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Ein liten gut har fått ein oppdrettslaks på stanga. Miljøkriminell, eller fanga etter alle lover og reglar ? Foto: Håkon Haukøycbn
-
Kanskje denne kråkebollen er freda ? Best å få han i sjøen att. Foto: Håkon Haukøycbn
-
Og den gamle robåten utan nummer og namn, er vorten ein pynteting ! Foto: Håkon Haukøycbn
-
Kor e» hammaren, Edvard ?
Fjorden, sundet og sjøen er for turisten. Det vart for vanskeleg for kystfolket. Foto: Håkon Haukøycbn
Rasteplassen av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.