Lauving
Lauving er eit tema frå bygda og omhandlar samhandlinga mellom menneske og natur. Biletet til høgre viser kommunevåpenet til Vik som inneheld tre lauvknivar. Lauvkniven eller snidelen er ein reidskap til å henta lauv som for til husdyra. Det vil vera naturleg at bygdeskular i område med rike lauvingstradisjonar tek opp dette i undervisninga. Alle bileta forutan kommunevåpenet til Vik, er frå Leikanger.
Plassering i kart
Manglande faktakunnskap om treslaga
Det er erfaringa mi frå undervisning i grunnskule og lærarutdanning at treslaga stort sett er ukjende for elevar og studentar. Årsaka kan vera at elevane ikkje er kjende med bruk av skogen og ser liten verdi i å læra noko dei ikkje bruker. Kanskje kan dei læra om treslaga i temaet lauving? Eg tok opp lauvinga i lærarutdanninga og skreiv to faglege artiklar om temaet.
Fagstoff om lauving
I artikkelen Lauving som matematikk skreiv eg om matematikk i eit historisk perspektiv. Ord som tjug (20), storhundre (120), rauk illustrerte etnomatematikk. Du kan lesa artikkelen her.
I artikkelen Lauving som kulturarv og undervisning skreiv eg ein breiare fagleg artikkel i boka Liv og læring på landsbygda. Her kan du lesa meir om tjug og lauvhundre i eit språkperspektiv.
Stadnamn
I området frå Volamyri til Smørkletten i Leikanger finn du døme på stadnamn med opphavet i lauvinga. Prøv kategorien stadnamn/lokale stadnamn på fylkesarkivet og lær meir om Raukstø, Snidelteigane og Lauvsteinen.
Lauving av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.