Sidemeny+

Hundre år med aluminiumsproduksjon

Posted on 13. mar 2008 by in Arbeidsliv

Stongsvatnet

Det starta i Stongfjorden
Den 8. januar 1908 vart straumen kopla  til dei første elektrolysecellene i A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker i Stongfjorden. 16. januar vart det tappa  flytande aluminium. Den første aluminiumfabrikken i Skandinavia var i drift! Les meir på fylkesleksikon.

Plassering i kart

Framhald i Høyanger
Sigurd Kloumann var ein framifrå ingeniør då han like etter hundreårsskiftet leia utbyggjinga av store kraftverk som Svelgfoss og Rjukan. Han vart tilsett i Høyanger i 1915 og var leiar for NACO. Fabrikken var lenge den største aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Les meir

Årdal
Norsk Hydro var tidleg inne i fossekjøp og kraftutbygging i Tyinfalla i Øvre Årdal. I heile mellomkrigstida var det stort anleggsarbeid i bygda med sikte på utbygging av kraftkrevjande industri . Det vart først fart på utviklinga då tyskarane hadde bruk for aluminium under 2. verdskrigen.  Les meir

Pro, HSF, Hydro, NHO, Tangen skule, Lærdalsøyri skule
Skuleåret 2003/2004 vart det gjennomført eit samarbeid mellom PRO (opplæringskontoret  for prosess og mekanisk industri) og grunnskular som sokna til Hydro Årdal. Oppgåva til HSF var å profilera det faglege innhaldet og støtta Pro i å omforma bedriftsbesøket frå «brus og bollar»  til meiningsfylte bedriftsbesøk. Dette vart vidareført i 2004/2005 etter initivtiv frå HSF. Les meir

Skuleåret 2005/2006 vart dette vidareført av Jon Henjum som Renatekontakt. Arbeidet vart no utført ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og Høyanger skule. Les meir

 


 


 

 

 

CC BY-NC 4.0 Hundre år med aluminiumsproduksjon av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jon Henjum,2008
Klassetrinn: Ungdomssteget
Kommune: Askvoll, Høyanger, Årdal