Sidemeny+

Ella Tonning fortel om då ho gjekk på skulen

Posted on 26. mar 2008 by in Historie, Skulehistorie

I skåp og skuffer, i hyller og kassar, ligg det mykje elevarbeid frå tidlegare skuleår. Etter ei stund vert mykje av dette kasta. I nokre hyller på eit lagerrom fann vi denne teksten som ein elev hadde skrive ned etter eit intervju med ei oldetante.

Plassering i kart

Skulestart

Eg begynte på Ulvik skule i 1919. Då hadde ein gammal lærar. Han heitte Jakob Salbu. Han gjekk eg til berre nokon månader, for han gjekk av pga. alderen. Det var ein veldig snill lærar, og alle likte han. Det var jo kanskje ikkje så mykje vi lærte, fordi han var så gammal. Men han leika med oss. Det eg hugsar best, var at han hadde heimelaga halmsko som han gjekk med i klassen. Til mat hadde han eit spann med graut og sul. Etter at Jakob Salbu slutta fekk vi Magnus Rye til lærar.

Skuletimane

Vi byrja skulen kl. 09.00 og slutta kl. 16.00. Første timen byrja alltid med eit salmevers. I første timen hadde vi alltid kristendom. Det var katekisme, forklaring og bibelsoge. Faga vi hadde var: kristendom, geografi, norgeshistorie, rekning, norsk(grammatikk, diktat, attforteljing), lesing, songtime. Rye spelte fiolin. Bøkene var ganske bra. Vi sat to og to på pulten. Under pulten var det ei hylle der vi la skulebøkene våre i, fordi vi skreiv med blekk og penn. Når vi kladda, brukte vi blyant. Og når vi skulle få blyanten kvessa, retta vi handa opp. Då kom læraren og kvessa blyanten med ein fallekniv. Viss vi var tørste, måtte vi gå bort til ei hylle med ei bøtte på. På bøtta var det ein krane som vi kunne tappe av. Vi hadde ikkje glas, så vi måtte drikke av kranen. Når vi skulle på do, måtte vi gå på eit utedo.

Skuleklede og skulereglar

På skulen gjekk jentene i skjørt eller kjole. Viss nokon var ulydige, vart dei sette i skammekroken. Viss nokon ikkje hadde gjort leksa, måtte dei sitte igjen. Skulen var delt i 3 klassar. Kvar klasse gjekk to dagar i veka. Når vi skulle på skulen, måtte vi gå. Dei i Drøsdalen måtte gå over Ulvikåsen, på ein gangsti. Frå Øen til Giil var det veg. Vi hadde ein time middag. Då var vi ute på plenen og slo ball, spela korgball, sprette pinnen eller leikte røvaren. Då vi skulle innatt, stod læraren i døra med ei fløyte og plystra. Elles hadde vi 15 min fri om formiddagen og 15 min fri om ettermiddagen. Då vi skulle gå for presten, gjekk vi inn til kyrkja på Øen. Då kom presten ut dit frå Hyllestad og hadde konfirmantførebuing med oss. Der var vi ein heil skuledag.

CC BY-NC 4.0 Ella Tonning fortel om då ho gjekk på skulen av Andrea Tonning Solstad er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Andrea Tonning Solstad, 2008
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Ella Tonning
Kommune: Sørbøvåg