Sidemeny+

Ballbingeopninga

Posted on 3. mar 2008 by in Friluftsliv og idrett, Skular og barnehagar

Foto: Fresvik Skulecbn

Ola Kjos-Wenjum er ein ivrig forkjempar for ballbingar i kommunen.

Ein haustdag i september vart elevar, lærarar og foreldre samla på Fresvik Skule for å feire at me endeleg hadde fått ballbinge.

Plassering i kart

Storfint besøk Tysdag 18. september fekk me storfint besøk av Fylkesdirektør av kultur Ingebjørg Erikstad som fekk æra av å klippe snora og erklære ballbingen for opna. Dette var den 5. og siste ballbingen som vart opna i Vik Kommune. Kjell Bergfjord var og med oss den dagen og ga oss mykje ros. Hard jobbing Elevar og tilsette ved Fresvik Skule har jobba hardt med å få prosjektet i land. Men me har og fått god og viktig støtte frå idrettslaget Modig, av det lokale næringslivet og ikkje minst bygdefolket som har stilt opp på dugnad for å gjere ein flott innsats i skulemiljøet. Difor var det ekstra stas for alle å ta del i denne nøye planlagde opninga. Det var om lag 100 bygdefolk som var til stades då den nytilsette rektoren og barnehagestyraren, Jarle Christensen, ønskja alle hjarteleg velkomne til opninga. Fantastisk program Opningssermonien var fullspekka med alt frå spenningsfulle talar til gratulasjonar frå både gjester og bygdefolk. Elevane hadde sjølv laga ei forestilling til opninga med born frå barnehagen som stolte deltok i innslaget. Gutane spelte fotball, og jentene hoppa og spratt med sjølvlaga heiarop. Dette gjorde inntrykk på bygdefolket og ikkje minst gjestene våre. For å feire skikkeleg fekk alle servert ei diger og artig sjokoladekake som elevane sjølv hadde laga. Kaka var forma som ein ballbinge med seigmenn som spelarar. Me fekk bra med skryt for den. Det vart og servert vaflar med kaffi, te og saft. Fekk mange helsingar Me fekk og helsingar frå ordførar Eirik Lidal i Vik kommune, leiaren i IL Modig Ingvar Vangsnes, Olav Kjos-Wenjum frå Sogn og Fjordane idrettskrins og banksjef Arnfinn Hauståker frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Brakande avslutning Som avslutning på feiringa vart det duka for fotballkamp mellom elevar og lærarar. Elevane viste inga nåde for lærarane, og dunka inn siste avgjerande målet i ein straffesparkkonkurranse. Fekk mykje ros Elevane fekk smigrande ros frå alle og ein kvar og la ikkje skjul på at dei var stolte over programmet dei hadde laga spesielt til denne anledninga. Alt i alt var dette ein minneverdig dag for både Fresvik Skule og bygdefolket elles.

CC BY-NC 4.0 Ballbingeopninga av Anette Tokvam er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anette S. Tokvam, 2008
Klassetrinn: 10 Klasse
Kjelder: Anette S. Tokvam Kjell Bergfjord
Kommune: Fresvik