Vegen til Fresvik

Siste salva er nettopp skoten og Johan Hatleli er på plass.
Etter lang og hard strid vart vegen til Fresvik opna i 1976, 5 år etter at vegarbeidet vart starta.
Plassering i kart
Vegkrav
Folk i frå Fresvik ville at vegen frå Vangsnes til Feios vart bygd vidare til Fresvik. Men det skulle visa seg at det ikkje var så enkelt som ein trudde. For det var kamp om korleis Fresvik skulle få vegutløysning, anten over Fresvikåsen til Simlenes med ferjesamband eller langs fjorden til Feios.
Vegsjefen Egil Abrahamsen gjekk inn for veg til Simlenes som var det billegaste alternativet. Og ein tidel av bygda var på vegsjefen si side, også kalla 10 prosenten.
Folkemøte og intense debattar
Dei fleste som budde i Fresvik, altså 90% av befolkninga, ville ha veg frå Fresvik til Feios langs fjorden. Dette var altså den dyraste alternativet, og kom antakelig vis til å ta lengre tid. Eit mindretal av bygda, 10 prosenten, ville ha veg over Åsen til Simlenes. Fresvik var den gongen i Leikanger kommune, og det ville være ein lengre tur til kommunesenteret dersom det skulle verta veg over Åsen.
Aksjonsnemnda arbeidde hardt for å få veg langs fjorden til Feios. Formannen i Aksjonsnemnda Johan Hatlelid og andre i gruppa fekk leggja fram saka si for stortingsrepresentantar frå fylket, men saka såg ut til å stoppe.
Simlenes gav dårlegare vegsamband
I 1969 vart det halde eit stort vegmøte i Fresvik med ordførar Grepstad, stortingsmann Myrstad og vegsjef Egil Abrahamsen til stades. Situasjonen var slik at veg over Fresvikåsen til Simlenes med ferje kom med på fylket sin prioriteringsplan.. Det skapte sterk harme i bygda. Eit innlegg i Sogningen sa det slik: ".. Vegutløysing må me få om Feios til Vik. Ein veg over Skardet til Simlenes, er inga løysing. Det vil ikkje betra tilhøvi her, med vegutløysing den vegen vert me dårlegare stilt kommunikasjonsmessig ved at me misser skipsanløp i Fresvik. Veg til Simlenes vil seinka arbeidet med veg til Feios. (..) Nei, her har me venta på veg i generasjonar, då kan me ikkje ta til takke med ein bastard av ein veg som i praksis vil flytta kaien vår 16 km frå bygdi."
Problem oppstod
Ordførar Grepstad i Leikanger kommune, søkte i 1969 om statstilskot til vegen over Fresvikåsen. Grepstad hevda det at det ikkje nytta å søkja om vegmidlar til Fresvik-Feios. Samferdselsdepartementet ville ikkje ha godkjent det fordi at det ikkje ville ha vorte mogeleg å gi vegutløysning for riksveg når det budde mindre enn 800 menneske på staden. Og i Fresvik på den tida budde det berre 300. Derfor måtte dei søkje om fylkesvegmidlar, og med knappe budsjett, ville det ta lang tid før fresvikjene ville få vegen.
Men fresvikjene gav ikkje opp. Og presset frå folket gav til slutt resultat. Sommaren 1970 var samferdslekomiteen på synfaring. Den 10. november, 1971 starta arbeidet. Vegen var 10,2 km, med 3 meters breidde. Vegen kosta 15. mill. kr. Gjennomslaget for Ramnabergtunnelen, 1490 m, var 21. juli 1975
Flagga til topps i Fresvik
11. september 1976 vart vegen til Fresvik offisielt opna. Det hadde teke heile 5 år å byggja han. 300 fresvikjer kunne no sleppe å heise bilane i båten viss dei skulle ta seg ein tur ut av bygda.
Vegen til Fresvik av Ratchaphon Bøthun er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.