På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Hausten kjem, og igjen nærmar det seg tida for at sauene skal heim. I Jordalen er det rundt 1300 sauer frå gardane i Fresvik. Sauene har gått og beita på fjella i heile sommar. Di lenger ut på hausten me kjem, di meir minkar graset, lufta blir kaldare og dagane kortare. Tida er inne for den store sauesankinga i Jordalen.
Plassering i kart
Sauesanking i Jordalen Fredag kveld i midten av september kjem bøndene til Jordalen, innlosjerer seg i hyttene og er klare til sanking av sauer tidleg laurdag morgon. Slik er det kvart år. Ut på ettermiddagen er alle sauene samla. Sauen blir så sorterte etter kven som eig dei for å sjekka at ingen manglar. Så fell dommen, og dei sauene som skal slaktast blir sende til slakteria med slaktebilane laurdag kveld. Søndag morgon gjer gjetarane og sauene seg klare til den lange reisa heim over fjella. Turen kan vera både lang og tung, likevel er det ein fantastisk tur i vakre naturomgjevelsar som kan imponera både gamle og unge. Slik er det kvart år, i alle fall nesten. Snøstorm og null sikt Året er 2007. Sauesankinga nærma seg. Det er meldt dårleg ver, snø og vind, men det er umogeleg å avbestilla slaktebilane, dei er berre ledige denne helga. Saueeigarane må berre satse på at veret ikkje blir så dårleg som det er meldt. Helga kjem, fredag den 14. september er bøndene på plass i Jordalen, med ein litt ekkel følelse, då vinden som er utanfor, aukar i styrke etter kvart som timane går. Det som starta som eit friskt liten pust, har vorte til ein sterk vind som yppar seg i det han kastar seg mot hyttene. Det blir ikkje nokon optimal opplading til den lange turen dagen etter. Bekymra bønder vaknar fleire gonger i løpet av natta då vinden prøver å visa seg fram ved å ule gjennom dalane med sin store styrke.
Laurdag morgon er det klart for sauesanking, trøytte gjetarar er klare til å leggja ut på vandring for å henta heim sauene. Det er litt av eit sjokk, mildt sagt, då ein etter ein opnar døra, og synet som møter dei er snø, masse snø. Snøen ligg i knehøgd, og vinden uler som ein svolten ulv. Det er umogleg å ta seg fram! Det blir bestemt at ein berre skal prøva å samla saman sauene som pleier å beita i nærleiken. Seinare på dagen roar veret seg noko, og nokre av bøndene prøver å ta seg fram opp gjennom fjella, men må gi seg etter å ha gått eit berre eit stykke. Dei mange slaktebilane som er komne den lange vegen til Jordalen må berre innsjå at mange av dei må venda tomhendte heim. 500 sauer att i fjella Søndagen kjem, til vanleg skal sauene heim over fjellet denne dagen. Slik blir det ikkje i dag. Med snø på alle kantar, og vind som febrilsk prøver å rive ned fjella, er det berre galskap å prøva å få sauene heim på den vanlege måten. Fresvik sin eigen dyrebil blir tilkalla. Han køyrer heile dagen og natta for å få dei sauene som er berga, heim igjen. Køyreturen tek 6 timar tur retur, og det blir ei lang natt for sjåføren. Aldri tidlegare har sauebøndene måtte køyra sauene heim i staden for å gå. Mange av sauene manglar, og gjetarane brukar søndagen på å trakka seg veg i snøen som berre blir djupare og djupare midt oppi snøstormen. Snøflak store som klinkekuler sletter på nokre få minutt alle spor etter dei som prøver å ta seg opp gjennom fjella. Det at sauene er kvite frå før av, gjer det sjølvsagt ikkje enklare for bøndene å finne dyra. Det verkar håplaust, men likevel får dei ned nokre av sauene som står fast i snøen langt oppe i dalane. Kvelden er komme. Hadde dette vore eit vanleg sauejag, hadde sauene stått trygt plasserte i fjøsane heime i kjære Fresvik no, men dette var ikkje noko vanleg sauejag. Over 500 sauer står att oppe i fjella, og bøndene kan ikkje gjera anna enn å reisa heim. Stor interesse Dagane går, store oppslag om den dramatiske hendinga pregar framsidene av lokalavisene, og det er støtt og stadig innslag på radioen. Til og med distriktsnyheitene på TV fortel om den spesielle helga. Alle har meiningar, og diskusjonane rullar over bygd etter bygd; alle snakkar om sauesankinga i snøstormen. Korleis skal me få dei ned igjen? Overlever dei til me klarar å komma oss opp på fjellet? Vil dei trekka ned frå fjella? Blir dei ståande att? Får dei nok mat? Overlever dei kulda? Så mange spørsmål! Heile Fresvik bygda sitt klistra til TV skjermen, dei skal sjå veret. Så utruleg mykje avhenger av veret! Det må verta bra ver for at dei skal klara å henta heim sauene. Nervepirrande minuttar følgjer. Det er fredag igjen, bøndene ilag med venner og kjente reiser på ny til Jordalen. Sauene skal heim. Det er ikkje noko mindre snø no, snarare tvert imot, men det har slutta å snø, og vinden er heller ikkje så hissig som helga før. Temperaturen er høgare, no kan sauene gå i spora som bøndene trakkar opp. Mange sauer blir funne laurdagen, og optimismen er stor før søndagen, og ikkje utan grunn. Søndagen blir ein stor opptur! Spora frå dagen før er framleis ikkje dekka til, noko som gjor det endå enklare å ta seg fram. Været er veldig bra, null vind og til og med sola viste seg fram frå si gode side. Ei fantastisk oppleving, ein fantastisk dag! Sauene blir funne i god behald, og dei kjempar seg fram veldig sakte, men sikkert. Alt ser så lyst ut. Då bygdefolket igjen sett seg i bilane med kursen for Fresvik, er omtrent alle dei 500 sauene berga. Lykkeleg slutt Igjen er det store reportasjar å finna om sauesankinga, og lokalradioen P1 blir nedringt av folk som lurer på korleis det er gått med dyra. Det blir leigd inn fly for å finna dei siste sauene, og det endar til slutt godt. Alle sauene er blitt funne. Ei lykkeleg ending på ei dramatisk, spanande og unik sauesanking i Jordalen. Dette vil bli hugsa i manns minne, om ikkje endå lenger.