Sidemeny+

IL Modig – idrettsanlegget

Posted on 14. feb 2008 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Fresvik har i dag eit flott idrettsanlegg som i dag består av ein stor grasbane med laupebane med grusdekke og eit stort og flott klubbhus. Idrettslaget har og to hytter, ein av dei med uthus. Dei har også lysløype i Fresvik. Idrettsplassen har gjennom alle år vore ein samlingsplass for unge og gamle. Det har og vorte arrangert mange store stemne på nettopp idrettsanlegget. Men idrettsanlegget har ikkje alltid vore som i dag. Den har blant anna blitt teken av flaum og totalt øydelagt to gongar på den 86 år gamle historia til idrettslaget.

Plassering i kart

Idrettsanlegget dei første 50åra
Ein stor dugnadsinnsats i 20-30 åra gjorde det første idrettsanlegget mogeleg i Fresvik. Det låg ved Storelva, like ved der Fresvik skule ligg i dag. Men den vart borte med flaumen som kom den 13. november 1938.

 Innbyggarane i bygda meinte at det var viktig å få eit nytt idrettsanlegg. Men krigsåra seinka planlegginga og bygginga. I 1950 åra fekk dei endelig eit nytt område til det komande idrettsanlegget. Men idrettsanlegget låg like nær Storelva som det gamle anlegget.

I 1951 starta det omfattande arbeidet med å byggja det nye anlegget. Anlegget bestod blant anna av ei grasmatte på 60x40m. Det vart endeleg klart i 1955. Men ei laupebana hadde dei ikkje pengar til å byggja.

Først i 70 åra lykkast IL Modig med å få kommunale midlar og seinare tippemidlar. Desse midlane vart brukte til :

– 4x350m laupebane med grusdekke

– 7x110m sprintbane med grusdekke

– 333 1/3m skøytebane

– 102x62m grasbane

– vatnings- og isleggingsanlegg med 4 uttak

– lysanlegg med åtte lysstolpar og armaturar

 Alt dette stod klart i 1977, bortsett frå lysanlegget som vart teken i bruk året etter. Den 25. og 26. juni 1977 vart det offisielt opna med tilskiping av Distriktsmeisterskapen i friidrett for kvinner om menn.

Nok ein flaum øydelegg idrettsanlegget
Laurdag 11. september 1982 gjekk Storelvi igjen over sine breiddar, og fløymde over heile idrettsanlegget. Elva tok med seg store mengder stein og grus som vart liggande att på idrettsanlegget. Storelva tok også med seg store mengder grus, jord og masse frå laupebana. I tillegg til at to av dei åtte lysstolpane for i  flaumen, vart det 110 m lange ballnettet øydelagt av dei store vassmengdene.

 

Oppbygginga etter flaumen
Det var aldri tvil om at Fresvik ville byggje opp att idrettsanlegget. To dagar etter flaumen starta planlegginga for eit nytt idrettsanlegg i Fresvik. Det skulle visa seg at det ikkje ville bli billeg, kalkylen skulle bli på 1,1million kronar. Men heldigvis var det mange som ville støtte oppbygginga. IL Modig mottok 950 000 kr til saman av Leikanger kommune, Naturskadefondet og STUI. Resten av finansieringa var dugnadsarbeid, der store og små deltok frå bygda.

 

Først i 1985 vart idrettsbana ferdig utbygd og klar til bruk. Og det gjekk ikkje lang tid før dei fant ut at det vart behov for eit klubbhus. Ikkje minst fordi skøytegruppa, som var svært aktiv på den tida, trengde ein varm stad. Klubbhuset vart bygd, med stor hjelp av innsatsvillige dugnadsarbeidarar i den vetle bygda. Klubbhuset bestod av to garderobar med dusjanlegg, badstove og toalett, kiosk med kjøken, møtesal, stemnekontor, garasje og lager.

 Anlegget til IL Modig i dag
 I dag, som tidligare ligg idrettsbana og klubbhuset på kommunal grunn. Mens Vik kommune har ansvar for vedlikehald av parkeringsplassen er det IL Modig som sjølve må halda ved like bana og klubbhuset. I år har mange meint at det er på tide at me gjer ein innsats for å forbetre fotballbana i Fresvik. Bana har store hol ved straffemerka og andre mykje brukte plassar. Mykje mose i nokon av hjørna på bana, som skuldast lite aktivitet der. Og grasmatta har vorte så ujamn at ho burde ha vorte oppretta. Nokon vil gå så langt at dei meinar me skal pløye opp heile bana og jamne jorda ut og så nytt gras.

CC BY-NC 4.0 IL Modig – idrettsanlegget av Sigbjørn Bøtun er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sigbjørn Bøtun 2008
Klassetrinn: 10. klasse
Kjelder: IL Modig 70år
Kommune: Fresvik