Sidemeny+

Fresvik skulekorps

Posted on 14. feb 2008 by in Skular og barnehagar

Foto: ukjendcbn

korpset

Fresvik skulekorps vart starta i januar 1969. Nokre av dei som var med å starta korpset var Sigurd Høgheim, Sigrun Vangsnes og Bjarne Bjørkevoll. Dei fann ut at det var på tide med eit eige korps i Fresvik. Tidlegare var ei lita tromme einaste instrument i 17. mai toget. Den gjekk Ester Flæte og spela på. Ho slo takten medan resten av toget song.

Plassering i kart

Oppstart  I 1968 vart det samla inn pengar til korpset og det vart kjøpt inn instrument for 12000 kroner, blant anna vart det kjøpt inn stortromme, skarptromme, tenor, althorn og trompet. Instrumenta vart henta på kaien. Bjarne Bjørkevoll starta som dirigent i 1969, saman med eit korps på 12 medlemmar. Jomar Thy på stortromme, Magne Høgheim på skarptromme, Bjørn Breilid på bass, Kirsten J. Bøtun, Per Skau, Kjellaug Flæte og Kari Heimli på trompet, Aslaug Bøtun, Anne Sigrid Kvammen Feidje og Olaug Stokkenes på althorn, og Oddvin Hov og Ole Bjørn Skogheim på tenor.

Øving I byrjinga øvde dei ein gong i veka, men etter kvart vart mesteparten av elevane på skulen med å spela og korpset gjekk inn i skulen som musikkundervisning. Det vart og arrangert helgautflukter til Skard med overnatting i skihytta der dei hadde korpsøving. Dei reiste også ein tur til Fjærland på overnatting.

Korpsstemne i Fresvik I 1985 vart det arrangert korpsstemne i Fresvik. Det var rundt 300 musikantar på stemnet, så det vart trongt om soveplassen, difor vart mange plasserte rundt om i hus i Fresvik. Fleire måtte og til Feios for å sove. Arrangementet gjekk føre seg på idrettsplassen. Fresvik skulekorps fekk spesiallaga fane i 1981. Fana vart designa av Sigurd Høgheim og sydd av Annlaug Breilid.

Mange dirigentar Bjarne Bjørkevoll slutta som dirigent i 1993 etter å ha vore dirigent i 24 år. Etter at Bjarne slutta som dirigent har det vorte mykje skifting av dirigentar. I 1995 overtek Olav Vikøren som dirigent. Olav Fjærestad, Kari Myrkaskog, Elin Fossheim og Michael Martin har også vore dirigentar i Fresvik skulekorps etter Bjarne. I 2008 byrja Robert Kvam som ny dirigent i Fresvik skulekorps. I dag har korpset rundt 15 medlemmar. Det er øving ein gong i veka der ein lærer mange nye songar. På grunn av få medlemmar er ikkje korpset så aktivt som før. Viss ikkje trenden snur kan det hende det vert lite speling i Fresvik i framtida. Korpset treng små og store musikktalent som kan vere med og halde liv i skulekorpset.

Liste over turar korpset har vore på frå 1983-2008: 1983: Aurland. 1984: Gjøvik. 1985: Fresvik. 1986: Oslo på kose tur. 1987: Solund. 1988: Fylkesstemne i Florø. 1989: Brekke. 1990: Lillehammer. 1991: Leikanger. 1992: Bø i Telemark. 1993: Voss. 1994: Sandnes. 1995: Stryn. 1996: Smøla. 1997: Førde. 1998: Gjøvik. 1999: Voss. 2000: Gaupne. 2001: Gol. 2002: Gol. 2003: ikkje tur. 2004: Sommarlandfestival i Bø. 2005: Vossafestival på Voss. 2006: Kristiansand. 2007: Vossafestival på Voss og korps konkurranse i Bergen saman med Vik og Haukåsskulekorps. 2008: kosetur til Gol. Fredag 25.03-1994 feira korpset 25 års jubileum. Fredag 26.03-1999 vart det feira 30 års jubileum.

CC BY-NC 4.0 Fresvik skulekorps av Mari Bøtun er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mari Bøtun, 2008
Klassetrinn: 10.klasse
Kjelder: Bjarne Bjørkevoll Hildegun Tretteteig Astri Bøtun Kirsten J. Bøtun
Kommune: Fresvik