Sidemeny+

Fjøs i Breili

Posted on 14. feb 2008 by in Jordbruk

Gamlefjøsen var bygt på 1880-talet og riven 1994. Det var spannmjølking i den fjøsen. Nye fjøsen vart bygd i 1982(83)

Plassering i kart

Gamle fjøsen
Gamle fjøsen var bygt ein gong på 1880-talet. I den gamle fjøsen hadde dei ikkje vatn som dei kunne bruka til å vaske opp med. Så dei måtte henta vatn i huset. Det einaste dei hadde vatn til, var drikke til dyra. Dei hadde plass til 3 kyr og litt ekstra plass i fjøsen. I 1956 utvida Lasse Breili fjøsen 2 meter nedover mot Tretteigen. Dei hadde ein gammal verkstad som dei kunne bruke til fjøs og da fekk dei litt meir plass alt i alt. Gamle fjøsen var utvida mykje, men eg fann ikkje ut alle årstala. Men før dei bygde nye fjøsen, hadde dei plass til 7-8 kyr alt i alt. Fjøsen var riven i 1994. Etter at nye fjøsen vart bygd, stod han der berre utan å verte brukt til noko spesielt. Viss dei fekk kalv tidleg, tok dei kalven bort i nye fjøsen for å få meir plass i gamle fjøsen. I gamle fjøsen hadde dei ikkje eit moderne mjølkesystem, så dei måtte mjølka for hand som også vert kalla spannmjølking. Dei hadde og ein tank i gamle fjøsen, men der måtte dei sila mjølka ned i tanken.

Gras
Får å få gras måtte dei sjølvsagt slå bøen, men i byrjinga var ikkje det nok så dei måtte slå "hagar" til folk og anna som andre ikkje ville ha eller ikkje trengde.  

Nye fjøsen
Dei begynte å bygga fjøsen i 1982, men då vart berre grunnmuren ferdig. Heile fjøsen var ferdig og klar til bruk i oktober 1983. I den nye fjøsen hadde dei fått eit mjølkesystem og innlagt vatn til både dyra og oppvasken. Med mjølkesystemet fekk dei sjølvsagt og ein mjølketank som mjølka kom ned via røyr som var i taket og vidare til kyra. Men før dei kunne byrja med å byggje fjøsen, måtte dei ha ein godkjend driftsplan. Ein driftsplan er der du sender inn byggje-teikningar og kor mange kyr du har og kor mange mål jord. Og for å få godkjend planen, måtte dei ha ca 37 mål gras og 2 mål med bær. Den var godkjend for 11 kyr + ungdyr. Dette var viktig slik at dei skulle få ei gunstig inntekt på garden. Du kunne byggje ein fjøs utan driftsplan, men nesten alle trengte det på grunn av at du ikkje fekk lån til å byggje før du hadde ein godkjent plan.
 
Fjøsen i dag
Den er nesten akkurat den same som då den var bygd, men det som er endra er at dei har 12 kyr og det går heilt fint sjølv om at den er bygd for 11 kyr, einaste forskjellen er at det er litt mindre plass til kalvane. Dei har og ein større tank til mjølka. Dei har ikkje noko kjøttproduksjon, det dei har er 12 mjølkekyr. Viss dei får ein stut(hankjønn) sel dei den til slakt eller til andre bønder. Dei sel også nokre hodyr på grunn av plass i fjøsen.
 
Mjølkeruta
Dei leverte jo sjølvsagt mjølka si til Tine for å få noko inntekt på drifta. Før 1962 måtte bøndene køyre mjølka ned på kaien sjølv. Der blei den henta av ein båt som køyrde mjølka vidare til Vik. Men for at det skulle verta litt enklare, blei mjølka henta med ein traktor som køyrde innom gardane for å hente mjølk. Den ordninga kom i 1963. I 1979(80) kom det tankbil til Fresvik som henta mjølka.

CC BY-NC 4.0 Fjøs i Breili av Alexander Kaupang er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Alexander Høydal Kaupang 2008
Klassetrinn: 10 klasse
Kjelder: Eivind og Astrid Breili
Kommune: Fresvik-Breili