Dei første bilane i Fresvik
Det var bilar i Fresvik på slutten av krigen, men den aller første bilen som vart kjøp til odel og eiga, kom til bygda rund 1949.
Plassering i kart
Bilar til leige: I 1945-46 var det to biler som var leigde inn til Fresvik for å hjelpe til med å byggje vegen fram bygda. Det var to bilar som ein starta ved hjelp av bensin. Etter dei var starta, var det ein vedomn som fekk motoren til å gå. Viss bilen slokna, måtte ein fram å sveiva i ei sveiv fremst på bilen. Den første bilen i Fresvik: Den aller første bilen som nokon kjøpte til odel og eiga kom til Fresvik rundt 1949. Det var Håkon Simlenes som gjekk til innkjøp av den første bilen. Det var ein liten lastebil av merke Mercedez. Då den første bilen kom var det stor stas for både Håkon og resten av bygda, spesielt ungane. Dei hadde heile tida lyst å sitje bak på lastekarmen. Andre bilar og køyrety: I 1951 kjøpte Håkon endå ein bil, det var òg ein lastebil. Året etter vart det fleire bileigarar i Fresvik. Brødrane Aslak og Per Solheim og ein mann som heitte Sørheim, kjøpte ein bil ilag i 1952. Det var ein 32-modell. Det var den første personbilen i Fresvik. Den hadde skilte S-289. Det vil seie at det var bil nummer 289 i fylket. Dei kjøpte den av Liljedal på Leikanger. Den hadde dei ilag fram til 1955, då overtok Per bilen. I -63 kjøpte Håkon Simlenes seg Landrover(bilde av til høgre.) I -66 reiste Per Solheim og Håkon Simlenes ilag til Oslokanten for å kjøpe kvar sin bil. På midten av 1950-talet var det fleire som hadde motorsyklar. Blant anna Per Solheim kjøpte motorsykkel i 1955 og Magnus Breilid kjøpte seg Jawa i -56. Drosje og skulerute: På slutten av 50-talet fekk Per Solheim drosjeløyve, og han køyrde skuleruta, men han køyrde ikkje meir en ein ca. to år. I 1961-62 kjøpte Håkon ein svart Opel. Den brukte han til å køyra drosje og skuleruta. Seinare byrja han å køyre post rundt i bygda òg. Bilar etter vegen kom: Det var bilar i Fresvik før det var veg til bygda. Bilane vart frakta med båt der det var plass til passasjerar og nokre bilar. Ein og ein bil vart heisa opp med heisekran. Framhjula sto på ein stålbjelke, og bakhjula på ein. Rundt stålbjelkane batt ein tau. Bilane løfta dei opp med heisekran ifrå båten og opp på kaien, eller omvendt. Etter ein fekk vegsamband i 1976, var det fleire som skaffa seg bilar og tok sertifikat. Då var det ikkje lenger naudsynt å frakta bilane med båt.
Dei første bilane i Fresvik av Lena lSkogheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.