Sidemeny+

Rønsetholmen

Posted on 7. jan 2008 by in Landskap

Her legg vi Rønsetholmen bak oss.

Våren 2008 tok kameraten min og eg ein rotur til Rønsetholmen. For ei oppleveing dette vart; – så berre hiv deg på årane og kom deg ut. Gå ikkje glipp av ei slik turoppleving.

Plassering i kart

Fakta om Rønesetholmen
Inst i Sørefjorden finn du Rønsetholmen. Litt på avstand verkar han liten, men kjem du nærare og stig på land, er dette ein stad godt eigna til oppdagingsturar. Litt nifst er det å vandre der med stupbratte Katlenova og Lifjellet nesten hengande utover deg.

Historia om Rønsetholmen

Ein gong budde ei kone som hadde to sønner på Holmen. Dei to gutane gjekk på skulen ikkje så langt frå Katlenova, kanskje i Sørefjorden. I begynnelsen av 1870 åra reiste den yngste av dei til Amerika. Det bar slik til: Siste skuledagen eit år hende det noko vondt. Guten hadde ikkje gjort leksene sine, og læreren gav han pryl. Då dagen var slutt, og alle elevene skulle sei farvelmed kvarandre, fortalde guten at han skulle reise til Amerika. Han gret, og han svor på at om han nokon gang kom igjen, skulle han pryle læraren sidan han hadde fått juling nesten kvar dag han kom på skulen.

Livet på Rønsetholmen

Uten fisken i fjorden hadde det ikkje vore moleg å leve på holmen. Dei fastbuande hadde ei mjølkekyr og nokre sauer. Kvar sommar rodde dei kyra over til Rønset. Dei mjølka kyra to gongar om dagen og fekk kanskje to-tre liter mjølk kvar gong, og det var nok til å gje til ungene. Dei hadde ein liten potetåker på holmen. I 1929 begynte verdskrisa i Amerika, og 30 åra var den verste tida, og då flytta ein av dei på Rønsetholmen tilbake til garden i Leira.

Spennande historier frå Rønsetholmen

Til Rønsetholmen er det knytt mange spennande historier. Her vert det fortalt om kostbare, løynde skattar og segner om ulukker om kva som kan hende den dagen Katlenova kan rase ut. Kanskje du har lyst på ein fin rotur på Sørefjorden og eit besøk på Rønsetholmen. Berre snakk med artikkelforfattarane, og dei vil meir enn gjerne vere vegvisaren din.

CC BY-NC 4.0 Rønsetholmen av Håkon André Hatlem er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Andre Hatlem,Hogne Kverhellen og Kent Rune Hatlem 2008
Klassetrinn: 7/8 klasse
Kjelder: Asbjørn Rønneseth, f. 1932 Håkon Haukøy, f. 1946
Kommune: Rønset