Sidemeny+

Grønnstilk Tringa glareola Wood Sandpiper

Posted on 21. jan 2008 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Meitemark smakar.

I Norge er grønnstilken knytta til bjørke- og vier-regionen i innlandet. Fuglen manglar i ytre strøk. I august 2007 vart han observert ved Kvevatnet i Lærdal. Globalt går arten sterkt tilbake i Danmark og fuglen er heilt borte frå Nederland og Polen. Den 10. mai 2011 vart det observert eit grønnstilkpar i Selvågane ved Sandane i Gloppen. Sigurd Eide og Vegard Hauge Haaland 10 A oppdaga den sjeldne vadaren. Svein Hjelmeset var medobservatør.

Plassering i kart

Hekkebestand Det er kalkulert med at det hekkar 27000 par grønnstilk i Norge (Kålås & Byrkjedal 1981). Kjem ein lenger austover aukar desse tala. I Sverige er det bortimot 250.000 par som hekkar og i Finland ca 300.000 par (Piersma 1986) Hekking Grønnstilken er trekkfugl og kjem i mai. Han legg 4 egg, og dei fire egga veg like mykje som kroppsvekta til fuglen! Reiret ligg ofte på ei lita grastue i eit fuktig myrområde. Fuglen kan og som skogsnipa, nytte gamle reir i tre (måltrast-, raudvengetrast-, skjorareir). Rugetid 22-23 døgn. Ungane er på vengene etter ein månad. Begge foreldra tek del i ruginga, men hofuglen forlet gjerne hannen når egga er klekte. Før egglegginga har hannen og hoa eit typisk fluktspel. Fuglane flyg då med vibrerande vinger oppover og seglar på stive, nedoverbøygde vinger medan føtene heng ned og stjerten er spreidd ut. Dette er ei typisk sangflukt for vadarane. Under ruginga trykkjer fuglen hardt, så du kan nesten trakke på reiret før han flyg opp. Fleire par kan hekke nær kvarandre. Fuglen et for det meste insekt. Trekkfugl Hofuglen reiser frå landet fyrst (juni), deretter hannfuglen og ungfuglane trekkjer sørover i august. Nokre få overvintrar rundt Middelhavet, medan dei fleste trekkjer til Afrika sør for Sahara. Viktige rasteplassar under trekket er Posletta i Italia og Camargue i Frankrike. Nokre få blir att i Afrika om sommaren.

CC BY-NC 4.0 Grønnstilk Tringa glareola Wood Sandpiper av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Norsk fugleatlas
Kommune: Kvævotni (Lærdal)