Gluttsnipe Tringa nebularia Greenshank

Gluttsnipe på Grandane i Lærdal
Ein finn ikkje gluttsnipe registrert på artslista til Sogn og Fjordane. Det er såleis ein sjelden fugl i vårt fylke. Femte august 2007 vart fuglen observert på Mardal i Gloppen. Fuglen var nok på trekk sørover.
Plassering i kart
Utsjånad
Hann- og ho- fugl er like. Storleiken er ca 35 cm, og såleis den største av Tringa-artene. Den meir vanlege raudstilken er ca 28 cm stor. Gluttsnipa har lang, tydeleg oppsvinga nebb. Fuglen er temmeleg lys, spettete med store svarte lengdeflekkar på ryggen. Er gråare på ryggen og kvitare på undersida enn raudstilken. Beina er grøne som det framgår av bildet. Kan såleis forvekslast med grønstilken. Det kvite feltet på overgumpen går tydeleg innover ryggen. Viser godt på fluktbildet. Lokketonen er tju tju tju og liknar på lydbildet til raudstilken.
Hekking
Hekkar på høgtliggjande myrar og kystmyrar i Nord-Norge i mai-juli. Reiret med 4 egg i ligg på bakken. Egga er gule eller svakt grøne med grå flekkar og dei blir ruga på av hann og ho i 24 dagar. Ungane er flygedyktige etter 25 dagar. Føde er insekt og smådyr. Trekkfugl som kjem i april-mai og reiser i juli- september til S-Europa og Afrika.
-
Gluttsnipe på Grandane i Lærdal Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gluttsnipe i flukt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ein liten høgresving Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gluttsnipe med sine grøne bein og nebbet peikande svakt oppover. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Det kvite feltet på overgump og rygg, viser godt i flukt. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gluttsnipe i Selvågane Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gluttsnipe og raudstilk Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Gluttsnipe Tringa nebularia Greenshank av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.