Flaumen i Fresvik 11. september 1982
Fresvik-bygda opplevde natt til 11. september 1982 den verste flaumen sidan 1938 då Fresvik-elva gjekk flaumtung og gjorde store skadar. Flaumvatnet raserte idrettsplassen og gjorde store skadar på industriområda ved Fresvik Produkt. Oppe i dalen vart fleire bruer sopte vekk av den flaumstore elva.
Plassering i kart
Spesielle vertilhøve. Det hadde komme mykje nysnø i fjella, og så kom regnet. Det byrja i tre halv 4 tida dagen før. Fjorden var brun av slam heilt ut til Djupeviki og Mulen og ein kunne høyra det rulla stein i elva dagen før. Om natta var folk ofte oppe og sjekka kor mykje elva steig. Spesielt dei gamle hugsa godt flaumen i 1938, og var bekymra for at elva ville gjera same skadane. I Flatbygdi vart det store skadar. Idrettsplassen, fabrikken og jordbruksareala nær elva vart mest skada. Halve bana var vekke, og på fabrikken fløymde det inn mykje vatn. NVE ville ikkje høyre. Nokre år tidlegare vart det utførd elveforebyggjing i kommunen. Bygdafolket masa på byggjingsavdelinga om at elveløpet burde verta reinska opp og retta ut frå elveosen og 1 km oppover. Men dette skjedde ikkje. Då flaumen kom, møtte difor elva på hindringar midt i elveløpet og grov seg ut i sidene. Det same hadde skjedd i 1938, men likevel tok ingen tok rådet på alvor. Bygdafolket meinte difor at dei største skadane kunne vore unngått viss NVE hadde høyrt på dei. Idrettsplassen. Heile idrettsbana var dekka av vatn, og vart totalskadd. Midt på bana var det så mykje vatn at dei fann fisk! Då vatnet trekte seg tilbake, låg det stein og grus på ho, og ho måtte byggjast på nytt. Det vart arrangert mykje dugnadsarbeid og litt pengeinnsamling. I idrettslaget si lags-soga som vart gjeven ut i 1995 står det skrive om flaumen, og det er bilete frå dugnadsarbeidet. Elva strøymde over heile idrettsbana og skolte vekk store delar av toppdekket. Elveslam dekte 2500m3 av bana, og la att 400m3 stein og grus. To lysestolpar med kabel og ballgjerdet på 110 vart rive bort. Heile idrettsanlegget låg under vatn, og skadane var totale. To dagar etter flaumen byrja planlegginga for oppattbygginga. Naturskadefondet, STUI, Sogn og Fjordane idrettskrins og Leikanger kommune vart kontakta. Men ingen ville lova støttebeløp før dei fekk konkrete planar med kostnadoverslag. 17. desember kom ein ingeniør på besøk for å kartlegga skadeomfanget, og 11. oktober hadde han klar eit overslag som var på 1,1 million. Denne planen vart brukt som grunnlag for søknad om støtte. Det vart oppretta ei anleggsnemnd som fungerte svært godt, og det var kanskje årsaka til at arbeidet gjekk så fort. Den bestod av Arvid Hauge, Sverre Høgheim og Gunnar H. Bøthun. Leikanger kommune gav 150 000 kr fordelt over to år, Naturskadefondet gav 270 000 kr som seinare vart auka til 500 000 kr. STUI gav 300 000. Oppattbyggjinga tok til alt same hausten. Ein entreprenør sette i gang med oppfyllinga på vestsida. Dette vart ferdig før jul. Det var snakk om å leggje kunststoffdekke på løpebana, men det viste seg å bli altfor dyrt viss dei også skulle kunna realisera planane om bygging av klubbhus. Hausten 1983 var underlaget av singel og toppdekket ferdig. Sektorane var og ferdige, slik at det var mogeleg å legga is vinteren 1984. Fresvik Produkt. Flaumen gjorde stor skade mange stader i Fresvik. Idrettsplassen, fabrikken og jordbruksareala nær elva vart mest øydelagde. Elva førte med seg store tre, greiner, sand og stein. Men ovanfor Hovsbrua stod det att ein del tre ved fabrikken. Halve bana var vekke, og på Fresvik Produkt hadde det komme inn mykje vatn. Fabrikken var på denne tida nett starta opp. Tomme tønner som låg pent stabla ved fabrikklokala låg laurdagsmorgonen hulter til bulter ned mot riksvegen og det låg tønner og flaut på heile Fresvikbukta. Elva grov kraftig ved fabrikkområdet der store deler av elveforebyggjinga var vekke. Steinar på opptil 1 kbm forsvant sporlaust. Deler av vegen opp til fabrikken blei vekke. Elva grov seg nytt løp i svingen ovanom fabrikken og fløymde både rundt og gjennom bygningen der vatnet hadde stått 30 cm opp på utsida av porten. På matrommet til arbeidarane hadde det også trengt inn vatn. Det var ikkje store skadar på utstyret inne i fabrikken, men mykje vatn og gjørma. Vatnet hadde også øydelagt mykje verktøy. Vatnet stod ca. 20 cm opp og gjørma låg 5 cm tjukk på golv og inne i maskiner. Oppryddinga tok fleire dagar, men fabrikken fekk god hjelp frå bygdefolket. Eine veggen av bygget vart og skada på grunn alt vatnet. Du kan til og med i dag sjå merke etter vatnet opp på veggane. Elva hadde og grave på oppsida av fabrikken. Der var det ei stor og djup grop og ein høgspentleidning hadde også fått skader. Vassverket.. Områda nær Storelvi framover dalen vart mykje øydelagt av flaumen. Inntaket til vassverket, som låg nedanfor huset til Lasse-Per-Ola, like nedanfor Skardsvegen, måtte byggast oppatt. Her var heile vassinntaket sopt vekk og flatbygdi miste drikkevatnet sitt. Kort tid etter kjøpte dei inn vass-slangar som dei hadde oppi kummane, slik at bygda fekk att vatnet. Inntaket vart bygd oppatt på dugnad. Mykje av arbeidet vart gjort med gravemaskin, men det var likevel eit stort arbeid som vart utført her. Stølen. Det var ikkje berre nede i bygda elva gjorde skade. Vegen til Stølen frå Tretteigen og framover var delvis dekka av vatn. Om natta gjekk elva så stor at ein var redd for at ho skulle øydeleggja husa i Tretteteigen. Ved inntaket til kraftverket i Tretteteig hadde elva fløymd over, og viss ein skulle køyra forbi Tretteigen, måtte ein køyra opp på bøen. Ingen av sela på Stølen vart øydelagde av flaumen, men elles var det ein god del skader. Engabrui forsvant og det vart store skadar på vegetasjonen rundt elva. Elva fløymde over på Engi, og verst gjekk det utover Vetlengi. Brua ved Skauselet og Lauvhoggebrua reiste også i flaumen. Desse to var gamle, og er ikkje bygd oppatt. Elva i Tundalen skifta løp ved Kaldavatnet. Historiar. Gyda Bøtun budde ikkje heime under flaumen, men gjekk på skule i Bø i Telemark. Ein dag ville ho ringje heim. Ho samla saman småpengar og gjekk og ville ringje frå ein telefonboks. Ho prata i eitt til ho var tom for pengar, og la så på. Då ho kom på skulen neste dag, fekk ho høyre av klassekameratar at det hadde vore flaum i Fresvik. Men det trudde ho ikkje på, for då ville dei ha fortalt det då ho ringde heim. For og sjekka om dette var sant, ringde ho nok ein gang heim. Då sa mora at ho var meint å sei det heile tida, men Gyda prata i eitt til det var tomt for pengar, så ho hadde ikkje fått fortalt noko som helst! Raseringa av Flatbygda i Fresvik skjedde om kvelden og natta. Folk som budde nær elva, følgde med på kva som skjedde utover nattetimane, men dei fleste var nok ikkje klar over kor gale det hadde vore om natta. Det fortel denne historia: Tidleg om morgonen den 11. september før det var lyst drog Jardar Bøtun og nokre andre på hjortejakt. Dei jakta mot Holten, og då Jardar kom på Dragaskaret såg han ned på bygda. Det var eit uventa og forferdeleg syn som møtte han! Elva hadde rasert store deler av Flatbygdi og bana var heilt øydelagt.
Flaumen i Fresvik 11. september 1982 av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.