Sidemeny+

Sognabær DA

Posted on 4. des 2007 by in Jordbruk

Foto: Ann Kristin Feidjeall-rights-reserved

Bringebærfelt på Vangsnes

Den 9. mai 2007 var elevar i klasse 1sta frå Sygna Vidaregåande Skule på ekskursjon hjå Sognabær DA på Vangsnes. Me skrangla oss innover med ferja og opp langs dei lokale vegane på Vangsnes og endte opp hjå Ola Hopperstad som skulle ta oss med og syne oss bedrifta som han og tre andre eig.

Plassering i kart

Sognabær DA
Det var fire produsentar frå Vik som gjekk saman og etablerte Sognabær DA våren 2005. I 2006 stod Sognabær DA for ein stor del av bringebærleveransen til Bama og dei hadde ei årsomsetjing på 8,6 millionar kroner.

Delt ansvar
Det heile starta med ein særs dårleg sesong i 2004, med kollaps på bringebærprisane. Etter fleirfaldige år med industribær, etablerte Omar Vangsnes, Øystein Husabø, Kåre Jostein Sylvarnes og Ola Hopperstad Sognabær DA. Det var korgbær som no stod i fokus. DA tyder delt ansvar, som vil seie at eigarane sjølv sit med alt ansvaret.

Lokalisering
Sognabær DA er lokalisert i Vik kommune, i Midtre Sogn. Kvar dag i sesongen køyrer det ein trailer fullasta med bringebær til Bama i Oslo som fordeler bæra ut til butikkar dagen etter. Bedrifta består av seks bruk som ligg spreidd i Vik kommune. Tre av produsentane ligg på Vangsnes og ein i Vik. Sognabær DA har fått Vik kommune til å bli den største leverandøren av bringebær i landet.

Produksjon
I dag skjer det meste av produksjonen i tunnelar. Desse beskyttar bæra mot vind og dårleg vêr og hevar temperaturen. Dette gjer at sesongen held i opp til fire veker lenger enn når plantane står ute. I år blir det omlag 130 polakkar som kjem til å plukke og om lag 175 til neste år. I fjor var produksjonen på knappe 100 tonn, i år satsar dei på litt meir. Neste år planlegg eigarane ein produksjon på 250 tonn bringebær. Bringebærsorten er Glen Ample, ein skotsk bringebærsort.

Tunnelane
Tunnelane er laga av ein metallkonstruksjon med ein plastduk over. Det er eit ganske enkelt prinsipp og særs lønsamt for eigarane. Sognabær DA er lovleg seljar av desse tunnelane samt vatningssystem og gjødsel. Bringebær i tunnel har fordelen med at modninga skjer jamnare enn ute, der bæra modnast brått. I dag er det omtrent 160 dekar med bringebær i tunnelar, om dei hadde sett tunnelane etter kvarandre ville det blitt ein 21 kilometer lang tunnel. Utanom dette står 10-13 dekar på frimark og Sognabær DA har òg 7,5 dekar jordbær, noko som er nytt for året.

Omsetjing
I 2006 hadde Sognabær DA ein omsetjing på om lag 8,6 millionar kroner. Det vart levert ut over ein kvart million korger til marknaden. Dette utgjorde om lag 80% av produksjonen, dei resterande 20% gjekk til sylting. Sognabær DA står for ¼ av bringebæra hjå Bama. Dei har hatt ein andel på 1/3, som og er målet for neste år.

Utfordringar
Sopp og insekt kan gje store skadar på plantene. Det vert sprøyta mot sopp ein gong i året. Skal dei sprøyte mot insekt treng ein løyve. Om dette tek for lang tid, kan konsekvensane blir store, avlingar kan bli totalt øydelagde. Trass utfordringane ser Sognabær lyst på framtida.

Kva framtida vil bringe veit ingen, men det er planlagt utbygging og dermed større produksjon. Den planlagde produksjonen vil gje dei 1/3 av Bama si bringbærkvote. Framtida ser lys ut for bringebærbøndene. Vi ynskjer dei alt godt framover!

CC BY-NC 4.0 Sognabær DA av Eilifsen Helge er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sondre Skrede, Ann Kristin Feidje, Sandra Hjønnevåg, Bergitte Nyheim og Ingvill Sjøtun, 2007
Klassetrinn: 1. klasse vidaregåande
Kjelder: Munnleg informasjon frå Ola Hopperstad www.sognabaer.no
Kommune: Vangsnes