Kvitkinngås (Branta leucopsis)
Kvitkinngås hekkar langt mot nord og trekkjer sørover om hausten. I Gloppen har det i desse dagar vore eit eksemplar av denne fuglen på Mardal. Ola Johannes Mardal observerte fuglen, og såg med ein gong at det var ei ny art for vårt område. Denne gåsa er litt mindre enn den meir kjende kanadagåsa som hekkar i Gloppen. Storleiken og dei kvite kjakane til kvitkinngåsa gjer dei ulike.
Plassering i kart
Kvitkinngåsa
58-70 cm
Grupper av kvitkinngås held til på ulike overvintrings- og hekkestadar
Nokre hekkar på austkysten av Grønland og overvintrar på Hebridane og vestkysten av Irland, ca 40000 individ
Ca 20000 hekkar på Svalbard og overvintrar ved Solway Firth i Skottland
Omlag 200000 hekkar på Novaia Semlia og dei nærliggande områda sør i Russland. Desse overvintrar i Nederland og vestlege Tyskland
Avhopparar
Den fjerde bestanden som er russiske avhopparar, har hekka ved Svenskekysten sidan 1975. Flokken er på 13000 fuglar som dreg til Nederland for å overvintre.
Totalbestanden av kvitkinngås har auka dei siste 40 åra.
I Norge er det sett ut kvitkinngjås mange stadar i Sør-Norge, og det er observert hekking. Bestanden er i Sørøst-Norge på rundt 120 par og dei held seg i Bunnefjorden i Indre Oslofjord. Desse fuglane overvintrar i Nederland.
Svalbard-bestanden vert observert langs Helgelandskysten når dei er på trekk nordover og sørover. Forsinka individ kan overvintre i Norge.»
Kvitkinngås (Branta leucopsis) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.